Brev i feil målform, § 6

Når du skriv til statsorgan, har du krav på svar i same målform som du har nytta i brevet, e-posten eller skjemaet.

I mållova § 6 første ledd er det fastsett: «Statsorgan skal svare på skriv frå private rettssubjekt i den målforma som er nytta i skrivet. Dersom ein ikkje kjenner målønsket til vedkommande, står statsorganet fritt i val av målform.»

Regelen gjeld private rettssubjekt, det vil seie privatpersonar, private firma og organisasjonar.

Får du brev på feil målform, kan du klage til Språkrådet.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter