Stadnamn

Av Olav Veka

Særnamn

Nemninga stadnamn brukar vi om namn på stader eller lokalitetar i terrenget. Ingen veit nøyaktig kor mange stadnamn det finst her i landet, men eit romsleg overslag er 5–6 millionar. Noko av det usikre ligg i den uklåre overgangen mellom særnamn, som jo stadnamn er, og samnamn. I nærmiljøet kan du godt seia at du vil ta ein liten handletur i gata utan at nokon misforstår. Dei fleste vil nok oppfatta 'gata' her som eit samnamn og dermed skriva ordet med liten førebokstav. Dersom du vil at 'gata' skal få ein tydelegare geografisk funksjon til bruk i ein vidare krins, må du bruka det eigentlege stadnamnet (t.d. Storgata) dersom det finst, eller leggja til ei presisering om kvar gata ligg. På gateskilt kan ein sjå Gata somme stader brukt som stadnamn, og i Romedal i Stange heiter tettstaden rett og slett Gata.

Adresser

Sidan alle stadnamn har ein orienterande funksjon, kan vi godt seia at stadnamna er adresser. Dei har oppstått etter kvart som det var trong for dei i arbeidet i jordbruket, i skogen, på jakt eller fiske. Utan stadnamn kunne ikkje bonden eller fiskaren etter arbeidstid fortelja om gjeremåla tidlegare på dagen. Dersom ein sau hadde gått i skorfeste og bonden trong hjelp til å få han velberga ned, måtte nyansane i naturskildringa vera så fine som mogleg. Di meir nyanserte stadnamn bonden kunne bruka, di lettare ville andre folk finna fram, og tid og arbeid ville verta spart.

Fiskaren på havet ville spara seg for mykje farefull roing og segling dersom alle båar og skjer kunne nemnast nøyaktig. Fiskeplassane på havet kunne han lett finna med fiskemed (fiskeplass i skjeringspunktet mellom to siktelinjer) som er mest like nøyaktige til fastsetjing av ein posisjon som dagens GPS.

Naturleg mangfald

Talet på stadnamn speglar av den store variasjonen i norsk natur, frå dei ytste holmar (Håsteinen i Askvoll) og skjer (Fiskflesa i Vikna), til øyar (Senja) og fjordar (Varanger), innsjøar (Mjøsa) og vassdrag (Alta), fjell (Snøhetta) og fjellområde (Børgefjell), dalar (Sirdal) og botnar (Nordkjosbotn). Alle dalane og fjordane som skjer seg inn i landskapet, har gjort det mogleg for folk å ferdast overalt, og denne ferdsla krev stadnamn. Bønder i det forrivne fjordlandskapet i Ryfylke trong hundrevis av ’adresser’ for å orientera seg, medan dei utvandra slektningane på prærien i Iowa ville greia seg lenge med nokre titals namn.

Geografisk mangfald

Mangfaldige er naturformene, og like varierte er dei geografiske områda til stadnamna. Heile kongeriket heiter Noreg eller Norge. Frå landsnamnet kan vi gradvis snevra inn området, til landsdelen Vestlandet, landskapsnamnet Sogn, kommunenamnet Sogndal, bygdenamnet Hafslo, gardsnamnet Lomheim og teignamnet Haugen. Alle desse namna er stadnamn.

Naturnamn

Dei fleste stadnamna vi har hittil har nemnt, høyrer til gruppa naturnamn. Dei seier alle noko om forma (Rundhøa) eller fargen (Kvitfjellet) på naturformasjonen eller lyden i fossenamn (Låtefoss). Det er ikkje vanskeleg å tenkja seg at utvalet av ord som beskriv høgder, klart er mest talrikt i norsk, og alle har sine spesialtydingar som ofte kan vera nokså lokale. Kjende over heile landet er nemningane haug (gardsnamnet Haug mange stader), ås (kommunenamnet Ås), rygg (gardsnamnet Rygg fleire stader), fjell (Dovrefjell), pigg (Galdhøpiggen), topp (Gaustatoppen), tind (Falketinden) osv. Meir lokale er hol (kommunenamnet Hol), egg (gardsnamnet Snurruegga i Oppdal), nut (Dyranut), hovde (Hovdebygda i Ørsta), kamp (Skeikampen), knute (Jonsknuten i Kongsberg) osv. Og enda mindre kjende er ryl, nos, bjør, rind, rabb, vol, mue osv. Alle høgder med særpreg har fått sine nyanserande nemningar i bruk i stadnamn, i heile landet vil det truleg finnast fleire hundre slike fintskiljande ord for høgder.

Kulturnamn

Dei namna som viser merke etter naturinngrep eller viser til menneskeleg aktivitet, kan vi kalla kulturnamn: stølsnamn eller seternamn (Beitostølen, Dørålsetre), teignamn (namn på åker og eng og andre teigar i inn- og utmark), bustadnamn (gards- og bruksnamn), vegnamn, namn på husmannsplassar, jaktbuer, utslåttar osv.

Namnetap

Bonden, fiskaren og jegeren var heilt avhengige av det mylderet av stadnamn som fanst i norsk natur, men i dag treng dei ikkje lenger utnytta alle naturressursane for å overleva, og dei stadnamna som dermed går ut or bruk, forsvinn for godt. Bokstavleg talt kvar dag vert namn borte frå folks minne, og dei stadnamna som har trongast bruksområde, forsvinn fyrst. Som rimeleg er, vil dei namna døy fyrst som færrast personar kjenner til. Nokre kommunar og fylke (t.d. Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal) har organisert innsamlingsprosjekt, men berre mindre delar av landet er førebels dekte med systematisk kartlegging av namnetilfanget.

Gardsnamn

Gardsnamna er den namnegruppa vi har best oversyn over takka vere det imponerande samleverket Norske Gaardnavne (NG) av Oluf Rygh, 18 band utgjevne frå 1897 til 1936 med faglege kommentarar til alle gardsnamn i Noreg, ca. 50 000. Nettversjonen kan ein finna hos Dokumentasjonsprosjektet. I takt med folkeauken har gardane like sidan mellomalderen (500–1500) vorte oppdelte i mindre bruk som dermed ofte ber yngre namn, såkalla bruksnamn. Berre ein del av bruksnamna er tekne med i NG. Dei nyare bruksnamna kan ein finna i Matrikkelutkastet av 1950 på Internettet. Dei fleste gards- og bruksnamna er også i bruk med ein annan funksjon, som slektsnamn eller etternamn. Tre fjerdedelar av alle nordmenn ber eit gardsnamn som slektsnamn, ein skikk som er eineståande i Europa. I Noreg vil dermed eit stadnamnleksikon innehalda ei mengd etternamn og eit etternamnleksikon tilsvarande ei mengd stadnamn.

Alder og tolking

Når det gjeld gardsnamna, kan vi med grunnlag i form og ledd nokså sikkert seia noko om alderen. For andre namnegrupper vil aldersbestemminga vera meir usikker, men følgjande generelle kriterium kan vera til hjelp. Naturnamn i ubunden form (Haug, Berg, Vik, Voll) kan vera opp til 2000 år gamle. Suffikset som lagar bunden form av substantiv, utvikla seg i norsk mot slutten av mellomalderen. Derfor vil stadnamn i bunden form (Haugen, Berget, Vika, Vollen) gjerne vera yngre enn 1500. Namn som har stivna i ei kasusform er eldre enn 1500 sidan kasussystemet gjekk i oppløysing kring dei tider, t.d. Hauge og Berge, som er stivna former i ubunden form dativ eintal. Usamansette naturnamn (Nes på Hedmark) vil ofte vera eldre enn dei samansette (Tingnes).

Di eldre eit stadnamn er, di vanskelegare kan det vera å tyda for namnet har endra seg i pakt med språkutviklinga elles. Eldgamle namn som framleis er utolka, er t.d. øynamnaOmbo, Fogn og Mosterøy (gno. Mostr) i Ryfylke. Nokre naturnamn kan ha røter så langt attende som til dei siste hundreåra f. Kr. Ved hjelp av skriftformer i gamle dokument kan vi slå fast at føreleddet i Buskerud slett ikkje er 'busk', men 'biskop', altså 'Biskopsrud', og atMjøs i Osterøy kjem av gno. Miðhús 'midthus' om ein gard som ligg i midten. Norsk språkråd har lagt ut forklaringar til bynamn her.

Til god hjelp med tidfesting kan desse namneledda vera:

vin (Granvin, Grini, Dæli) Kr.f.–1000
heim (Helgheim, Nærheim, Særheim) 200–800
bø/by (Bø, Melbø, By, Melby) 300–1200
land (Helgeland, Nærland, Helland) 400–1100
stad (Stiklestad, Høystad, Beitstad) 400–1100
torp (Torp, Torpa, Sødorp) 400–1300
set (Nesset, Tynset, Vallset) 600–1000
tveit (Tveit, Tveita, Tveito) 700–1300
holt (Holt, Holter, Sjørholt) 1000–
rud (Rud, Buskerud, Roterud) 1000–
øydegard (Øygarden, Øygard) 1400–
aun (Aune, Storaunet) 1400–

Det fire siste namneledda er ikkje produktive i dag. Vi reknar med at dei gjekk ut or allmenn bruk fram mot 1800-talet. I hundreåra fram mot 1900 vart det særleg på Austlandet og i Trøndelag dyrka ikkje lite ny jord i utmarka. Desse nyrydningsbruka fekk ofte namn med ledda brenne, bråte, kås, lykkje (løkke), reit, rynning (rønning), stove, sve, trø.

Stadnamnregister

Alle stadnamn på karta til Statens kartverk er tilgjengelege under Norgesglasset. Her kan ein også søkja på stadnamn og få fram eit kartutsnitt. Gode hjelpemiddel er også moderne noregsatlas som kan ha omfattande register over stadnamn, opp til 50 000 namn med heimfesting til kommune.

(Olav Veka er lektor på Ringsaker videregående skole)

 


Publisert: 2005

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:26.09.2014 | Oppdatert:14.01.2021