Stadnamn

Kva er stadnamn?

Me er alle kjende med og brukar ei mengd stadnamn utan at me tenkjer nærare over det. Men kva er eigentleg eit stadnamn? Det ligg i sjølve omgrepet, nemleg at det er namn på ein stad. Me kan òg seia at eit stadnamn er ei adresse. Når eit stadnamn vert nytta munnleg eller skriftleg i ein viss samanheng, vil dei som høyrer eller les det, automatisk knyta det til ein stad, så sant dei kjenner namnet og staden.

Namn på viktige stader er naturlegvis meir kjende enn namn på mindre viktige stader. Dei fleste nordmenn over ein viss alder vil vera fortrulege med namn som Oslo, Bergen, Trondheim, Tromsø, Jotunheimen og Tana, medan lokale namn som Måge og Skutull ;i Hardanger eller det samiske Biertavárri i Troms er det langt færre som kjenner.

Stadnamn er altså det språklege bindeleddet mellom mennesket og stadene. Samstundes har stadnamn ein historisk dimensjon på den måten at dei fortel om tilhøva på staden den gongen dei vart til. Namnegranskinga (onomastikken) er den vitskapen som granskar stadnamn så vel som andre namn.

Korleis har stadnamn vorte til?

Dersom me tenkjer oss fleire tusen år attende, fanst det neppe særleg mange stadnamn, og store delar av naturen låg urørt og namnlaus. Kva namn steinaldermenneska hadde, veit me ikkje noko om, og frå bronsealderen har me i beste fall eit mindre tal namn. Fyrst i tida omkring Kristi fødsel og framover vart det gjeve namn som me rimeleg sikkert kan seia eksisterer i dag. Størst sjanse til å overleva gjennom eit langt tidsrom hadde namn på større naturlokalitetar som elvar, innsjøar, øyar og fjordar.

Etter kvart auka talet på stadnamn utover landet, nokre vart gløymde undervegs, men stadig nye kom til i takt med utviklinga av busetnaden og utnyttinga av ressursane, og slik kan me seia at landet sakte fyltest med namn.

Dei fleste eldre stadnamna har vorte til ved at ein stad har hatt interesse for folk, t.d. i samband med jakt, fangst, jordbruk, ferdsel eller anna verksemd. For å peika ut denne lokaliteten fekk han ei adresse slik at andre kunne finna han att. I byrjinga kunne dette føregå ved ei skildring av visse karakteristiske trekk ved lokaliteten. Etter kvart fekk skildringa namnekarakter, t.d. vart ”den sandete vika” til Sandvik, og ”den grønskimrande elva” vart Grøna.

Mange lokalitetar har fått namn ut frå likskap med kjende ting og former, som Aksla, Kloa, Kyrkja, Oksen og Seglet. Somme namn kan vera lånte frå ein annan stad ut frå ein tenkt likskap eller eigenskap. Vidare må ein rekna med at namngjevinga i ei viss utstrekning har gått føre seg ut får analogi, dvs. at namngjevarane har følgt eksisterande namnemønster og har kunna ausa av sitt mentale «namneleksikon» når det var aktuelt å gje namn.

Når dei store gardsnamnklassane på -vin, -heim, -land, -stad -rud osv. vart så vanlege i visse periodar og i visse område, kan dette i ein viss grad karakteriserast som mønsternamngjeving. Etter kvart som namna vart innarbeidde, kom det beskrivande innhaldet i bakgrunnen, og det var ikkje lenger naudsynt å kjenna tydinga av dei orda namna var laga av. Mange stadnamn som er allemannseige i dag, inneheld ordmateriale som elles er lite kjent eller har gått tapt, t.d. Mjøsa, Valdres, Skøyen, Máze (norsk Masi).

I seinare tid har det vorte vanlegare å gje namn meir medvite, nærast ved ei dåpshandling, Medan det gamle namnet Oslo sannsynlegvis har vorte til ein gong i det fyrste tusenåret av vår tidsrekning som ein omtale av ei engslette (gammalnorsk ) der ein førkristen gud (gno. áss/óss) sannsynlegvis vart dyrka, fekk den nye byen etter brannen i 1624 namnet Christiania (frå 1877 oftast skrive Kristiania) etter kong Kristian 4. Ei slik styrd namnsetjing var det òg då byen fekk attende Oslo-namnet i 1924.

Det finst ein del eldre namn som er resultat av ei medviten namngjeving, men det var fyrst etter at det vart aktuelt å gje namn til gater og vegar i byar og tettstrok utover 18-–1900-talet, og i seinare tiår også på landsbygda, at ei planmessig namngjeving er gjennomført i større utstrekning. Eit moderne samfunn er bygd opp av mange ulike institusjonar og funksjonar som er knytte til visse lokalitetar, og etter kvart har det vorte naudsynt å gje namn til stadig fleire slike stader, t.d. kommunikasjonsårer, parkar, kraftanlegg, nasjonalparkar, museum, utdanningsinstitusjonar, barnehagar, byggjefelt og verksemder av ulike slag. I tillegg til namnefloaren i det offentlege rommet finst det eit stort tal namn på private grunneigedomar og bygningar.

Både i offentleg og privat samanheng vert det oftast teke utgangspunkt i eksisterande stadnamn når det skal gjevast nye namn. Men dei kan òg vera konstruerte, som Deør i Vestby, som er ein omvendt skrivemåte av slektsnamnet Røed. I aukande grad set utanlandske ord, særleg engelsk, sitt preg på namnsetjinga, t.d. Oslo City og City Syd i Trondheim.

Historikk og organisering

Oluf Rygh (1833–1899) vert rekna som grunnleggjaren av norsk stadnamngransking. Han leidde ein kommisjon som i åra 1878–1886 arbeidde ut eit framlegg til ny rettskriving av gardsnamna i det offentlege registeret over grunneigedomar (matrikkelen). I dansketida hadde gardsnamn og andre stadnamn i stor grad fått ein forvanska og ”unorsk” skrivemåte som ofte låg langt frå den nedervde lokale uttalen. Det fyrste initiativet til å retta opp skrivemåten vart teke med Gerhard Munthes matrikkelrevisjon i 1838.

Kommisjonen av 1878 gjekk meir grundig til verks og kunne på grunnlag av omfattande kjeldestudiar leggja fram forslag til ein meir moderne skrivemåte av ein stor del av dei rundt 50 000 gardsnamna i landet. Den nye matrikkelen vart vedteken i 1886. Rygh arbeidde vidare med dette store stadnamnmaterialet med tanke på publisering, og i 1897 byrja utgjevinga av det epokegjerande verket Norske Gaardnavne (NG). Til saman kom det 18 bind, eitt for kvart fylke, samt Forord og Indledning og Fællesregister. Serien vart fullført i 1936.

I fyrste halvdel av 1900-talet var det særleg Magnus Olsen (1878–1963) og Gustav Indrebø (1889–1942) som merkte seg ut i stadnamngranskinga, den fyrste gjennom studiane sine av stadnamn som kulturhistorisk og særleg religionshistorisk kjelde, den andre med ei rekkje store arbeid om naturnamn, administrasjonshistoriske namn og stadnamnnormering.

I 1921 vart Norsk stadnamnarkiv skipa i Oslo, med Indrebø som fyrste styrar. Etter krigen kom Per Hovda (1908–1997) til å spela ei sentral rolle som grunnleggjar av det nye bustadnamnprosjektet og som mangeårig styrar av Norsk stadnamnarkiv. I 1930 vart Indrebø professor i vestnorsk målgransking ved Bergens museum, og samlingane vart etter kvart flytte dit. Då Indrebø døydde i 1942, vart Hovda leiar for arkivet (fast tilsett frå 1946), og i 1944 vart det ført attende til Oslo. I 1978 vart Norsk stadnamnarkiv lagt inn under Universitetet i Oslo.

I dag har også dei andre universiteta og fleire av høgskulane regionale namnearkiv med fagleg ekspertise som forvaltar namnesamlingar og gjev undervisning i namnegransking. Det er dessutan eit samisk namnemiljø ved Nordisk samisk institutt i Guovdageaidnu/Kautokeino. Dei namnefaglege institusjonane samarbeider gjennom Samarbeidsnemnda for namnegransking. Dessutan finst det ei uavhengig foreining, Norsk namnelag, som arbeider for å ta vare på namn som del av kulturarven.

Samarbeidet på det nordiske planet vert skjøtta av Nordisk samarbeidskomité for namneforsking (NORNA), medan International Council of Onomastic Sciences (ICOS) verkar på det internasjonale planet, likeins FN-organet United Nations Group of Experts on Geographical Names (UNGEGN). Det siste arbeider spesielt for å fremja nasjonal normering i internasjonal samanheng.

Normering av stadnamn

Dei fleste har merka seg at eit stadnamn ofte vert skrive på ulike måtar. Dette har historiske årsaker. Fram til slutten av 1800-talet fanst det ikkje faste reglar for korleis stadnamn skulle stavast (normerast), og skrivemåten kunne veksla frå dokument til dokument, t.d. kunne eit enkelt namn som Vik skrivast Vig, Wig, Wik, Wiik osv.

Dette var upraktisk, og ved den nemnde matrikkelrevisjonen vart ein stor del av gardsnamna moderniserte. På 1900-talet kom ei rad forskrifter for skrivemåten, og ei mengd namn vart endra, ofte til irritasjon for folk som var vane med ei meir tradisjonell skriftform. Særleg galdt det stadnamn som òg var i bruk som slektsnamn. Denne misnøya merkar ein framleis, men det offentlege har prøvd å visa at stadnamn, i motsetning til personnamn, er ei felleseige som bør regulerast etter visse prinsipp.

I dag er skrivemåten av stadnamn i offentleg bruk regulerte av lov 18. mai 1990 nr. 11 om stadnamn, med forskrifter gjevne 4. juli 1991 og 14. oktober 1993. Hovudinnhaldet i lova er at skrivemåten skal ta utgangspunkt i den nedervde lokale uttalen, men elles fylgja gjeldande rettskrivingsprinsipp for norsk og samisk. Kvenske namn i Nord-Noreg skal fylgja gjeldande rettskrivingsprinsipp i finsk. Når særlege grunnar talar for det, kan skrivemåten avvika frå gjeldande rettskrivingsprinsipp.

Vedtak om skrivemåten skal gjerast av det offentlege organet som har ansvar for namneobjektet, t.d. Statens vegvesen for namn på vegstrekningar, stoppestader, bruer og tunnelar langs riksvegane, kommunen for kommunale gater, vegar, parkar osv. Statens kartverk (gjennom fylkeskartkontora) har vedtaksansvaret for dei aller fleste stadnamna, som gardsnamn, bruksnamn og natur- og kulturnamn som ikkje fell inn under andre offentlege organ. Den nye stadnamnlova vil gje Statens kartverk vedtaksmynde for all statleg namngjeving som ikkje er regulert av andre lovverk. Nylaga namn, t.d. på eigedomar og tiltak, fell utanfor lova og kan fritt fastsetjast av eigarane.

I samsvar med lova er det oppretta seks namnekonsulenttenester, ei for kvart av dei store universitetsområda (Oslo, Bergen, Trondheim, Tromsø), ei for samiske og ei for kvenske stadnamn i Nord-Noreg. Namnekonsulenttenestene, som vert administrerte av Språkrådet, skal gje vedtaksorganet råd om rett skrivemåte. Samisk namnekonsulentteneste er administrert av Sametinget.

Før det vert gjort namnevedtak, skal dei partane det gjeld, ha hatt høve til å uttala seg. Dersom det er tale om nedervde bruksnamn, skal grunneigaren kontaktast. Nye namnevedtak skal dessutan kunngjerast ved oppslag eller på annan måte. Alle namn som er vedtekne etter lova, eller som har status som godkjende, er lagde inn i Sentralt stadnamnregister, som Statens kartverk forvaltar. Alle offentlege organ pliktar å bruka den skrivemåten som er fastsett etter reglane i lova. Dette vert ikkje alltid følgt opp like godt, og særleg har det vore vanskeleg å gjennomføra den samiske namnebruken etter lova, t.d. på vegskilt. Ei klagenemnd er oppretta for å ta seg av klager på namnevedtak.

Kvar finn me stadnamna?

Dersom me tenkjer etter, så kjenner kvar enkelt av oss ei mengd stadnamn, både der me bur og der me har vore på vitjing, og gjennom ulike media. Hovudet vårt er eigentleg velfylt av stadnamn me har høyrt om eller lese oss til. Men dette vil vera berre ein liten del av dei kanskje fem–seks millionane av «små» og «store» stadnamn ein har rekna med i Noreg. Ein stor del av desse er teignamn og utmarksnamn som vert lite brukte, og mange av dei er borte eller i ferd med å verta gløymde. Av det totale talet stadnamn er mindre enn halvparten innsamla og tekne vare på i arkiva.

Den viktigaste større gruppa er dei ca. 50 000 gardsnamna (ca. 34 000 av dei er kjende frå mellomalderen), og desse pluss nokre tusen bruksnamn er handsama i NG (sjå http://www.dokpro.uio.no/stadnamn.html). Eit oversyn over alle gards- og bruksnamn registrerte til omkring 1950 finst på same nettstad. På nettadressa http://ngis2.statkart.no/norgesglasset/default.html kan ein søkja på alle namn som førekjem på kartserien N50 (Norge 1:50 000) og deler av andre kartverk frå Statens kartverk. Det dreiar seg om nærare 700 000 namn på alle slags kultur- og naturlokalitetar, som gardar og andre bustader, område, fjell, elvar og vatn, fjordar, øyar og skjer osv. Elles finst det ulike register over stadnamn i offentleg regi, som gate- og vegnamnregisteret.

Terminologi og typologi

Dei fleste stadnamna kan plasserast i dei to hovudgruppene naturnamn ’namn på naturlokalitetar’ og kulturnamn ’namn på menneskeskapte lokalitetar’. Den viktigaste gruppa av kulturnamn er bustadnamn. Bustadnamn kan atter delast i gardsnamn, bruksnamn, villanamn, husnamn, hyttenamn. I samband med dei tidlegare husmannsplassane snakkar ein òg om plassnamn, som i dag til dels er brukte som namn på småbruk, bustader, teigar o.l., eller som er borte. Også dei fleste av dei tidlegare ca. 50 000 seternamna er i dag brukte om stader som ikkje lenger er setrar.

Naturnamn omfattar fjellnamn, elvenamn, innsjønamn, fjordnamn og øynamn osv. så langt det er tenleg å dela opp naturen. Eit stadnamn inneheld normalt eit hovudledd (grunnord) som karakteriserer lokaliteten, og oftast også eit føreledd (utmerkingsledd) som spesifiserer hovudleddet nærare. Sandvik inneheld såleis hovudleddet -vik som fortel kva slags lokalitet det er tale om, og føreleddet Sand- som seier noko om kva som er spesielt ved denne vika. Dei fleste stadnamna har eintalsform, som Sandvik og Vik, men ein del namn har fleirtalsform, som Sander og Viker. Eit anna tilhøve ein merkjer seg når ein tek for seg namna t.d. på eit kart, er at dei fleste har bunden form, såleis førekjemSandvika langt oftare enn Sandvik.

Størst rolle i historisk samanheng spelar dei store gardsnamnklassane. Studiet av dei har gjeve viktige tilskot til busetjingshistoria i landet. Gardsnamna kan delast i to hovudgrupper: 1) namn som inneheld ord som viser til busetjing, og 2) opphavlege naturnamn som har vorte gardsnamn. Medan Oluf Rygh la materialet til rette i NG, var det Magnus Olsen som for alvor tok til å utnytta gardsnamn som kjelde for busetjingshistoria, særleg i Ættegård og helligdom (Olsen 1929).

Til den fyrste gruppa høyrer dei store namneklassane på -vin ’naturleg eng’ (ca. 1000 namn) -heim (ca. 1000) -land (ca. 2000) -stad (ca. 2500) -bø/ -by (ca. 1200) ’gard’ -holt’liten skog’ (ca. 400), -torp ’liten gard’ (ca. 150), -tveit ’mindre rydning’ (ca. 600), -gard(ca. 1000), -rud ’rydning’ (ca. 3000), som alle vart til i visse historiske periodar, og som representerer ulike steg i busetjinga. Bortsett frå dei to siste, som skriv seg frå mellomalderen og seinare, høyrer desse namneledda heime i det fyrste tusenåret av vår tidsrekning.

Nokre namneledd, som øydegard/ødegard, aun ’forlaten gard’ viser til gardar som vart nedlagde etter svartedauden, men som til dels er tekne opp att seinare. Bustadnamn påeng, hage, gjerde, gutu, lykkje, rydning, stugu, sve, trø og dei mange naturskildrande orda som bakke, dal, li, mo, myr, vik, voll, ås, som regel i bunden form, fortel om vidare nyrydning i etterreformatorisk tid.

Namnevitskapleg metode

Oppgåva til namnegranskaren er fyrst og fremst å leggja til rette og så langt som mogeleg tolka namnematerialet. Dette krev innsikt i ordhistorie, lydhistorie, skrifthistorie, grammatikk og namnetypologi, samt trening i namnevitskapleg metode. Viktigaste kjeldegrunnlaget for stadnamn er den nedervde lokale uttalen og eldre skriftformer, spesielt frå mellomalderen, samt opplysningar om tilhøva på staden. Når det gjeld skriftformer frå mellomalderen, er dei viktigaste kjeldene den store brevsamlingaDiplomatarium Norvegicum på 22 bind og dei tre mellomalderlege jordebøkene Bergens kalvskinn (ca. 1360), biskop Øysteins jordebok (ca. 1400), og Aslak Bolts jordebok (ca. 1435).

Eit slåande døme på kor viktig ei mellomalderleg skriftform er for tolkinga av eit namn, ser me i Veim i Aurland, som er skrive Viðheimr i eit diplom frå 1334. På dette grunnlaget let namnet seg rimeleg forklara som ei samansetjing med gno. viðr ’skog’ og heimr’opphaldsstad’. Dersom fyrsteleddet skulle forståast som gno. víðr ’vid’, ville den lange vokalen í sannsynlegvis ha halde seg. Eit døme på kor viktig den eldre uttalen er for tolkinga av eit namn, har me i Kolsås i Bærum. Uttalen /"køsås'n/ (med tjukk s) viser at fyrsteleddet må vera eit gammalt personnamn Kol og ikkje ordet koll ’høgd’.

Alt Oluf Rygh og namnekommisjonen av 1878 la eit viktig grunnlag for stadnamngranskinga ved å byggja på desse tre kjeldetypane. Ved å setja dei inn i ein språkvitskapleg og historisk samanheng og dra inn eit stort materiale til samanlikning kunne medlemmene i kommisjonen skaffa seg ei sikker forståing av førekomst og tyding av storparten av det norske gardsnamnmaterialet slik det er framstilt og ordna i NG. Gjennom åra er metodane i stadnamngranskinga utvikla vidare og gjorde meir nyanserte, særleg innan datering.

Stadnamn som historisk kjelde – datering

Det som gjer stadnamn spesielt interessante i historisk samanheng, er at dei skildrar dei namngjevne lokalitetane på den tida namna vart til, altså ofte langt attende i tida. Eit stadnamn er normalt ”stadbunde”, dvs. det namnet fortel om, gjeld i prinsippet den lokaliteten namnet er brukt om i dag. Her må ein ta omsyn til at lokaliteten kan ha endra seg gjennom tida, eller at namnet kan vera flytt over på ein nærliggjande lokalitet. T.d. kan vika Sandvik vera utbygd som hamn, eller garden Sandvik kan liggja eit godt stykke frå sjølve vika som har gjeve namnet. Det kan òg førekoma at eit gardsanlegg har vorte flytt, og at det namngjevande tilhøvet ligg ein annan stad enn den noverande garden.

Det å bruka stadnamn som historisk kjelde føreset for det fyrste at namnet er mest mogeleg sikkert tolka, og for det andre at det kan tidfestast til ein viss periode. Som vist kan dei store gardsnamnklassane på -vin, -heim, -land, -stad, -bø/ -by, -holt, -torp, -tveit, -rud i ein viss grad tidfestast i høve til kvarandre. Ved å kombinera namnevitskaplege metodar med ikkje-språklege tilhøve, mellom dei arkeologiske funn, kan ein ofte koma fram til ei omtrentleg datering av namnet.

Eit namn kan daterast ut frå språklege og ikkje-språklege kriterium eller ein kombinasjon av desse. Dersom eit namn har fått omlyd, kan det tyda at namnet har vorte til før omlyden slutta å verka. Såleis må t.d. den i-omlydde forma Dæli daterast til ein periode før i-omlyden slutta å vera produktiv (6–700-talet), og Dolve som har u-/w-omlyd, må ha oppstått i ein periode då denne omlyden var verksam (7–800-talet), båe av *Dal-vin. Eit namn utan omlyd som Sandven (-vin) må vera frå slutten av vikingtida, etter at omlyden slutta å verka, men før det vart heilt slutt på å laga vin-namn omkring år 1000.

Mange gamle naturnamn, seinare ofte brukte som gardsnamn, er laga ved avleiingssuffiks som var produktive i urnordisk eller urgermansk tid, t.d. Bjugn til gno.bjúga ’bøya’, Sogn til gno. súga ’suga’, Gøyst til gno. geysa ’fara fram’. Usamansette namn av typen Haug og Viker er mellom dei eldste typane, men dei kan òg ha oppstått seinare. Allment kan ein seia at namn i ubunden form er eldre enn namn i bunden form. Fyrst etter ca. 1200 vart det vanleg at artikkelen voks saman med hovudordet. Ein del gamle namn kan ha fått artikkel tillagd seinare.

Namn med kyrkjelege personnamn og ord frå kristendomen vil normalt ha oppstått etter år 1000. Motsett må førkristne sakrale namn som Frøyshov, av gudenamnet gno. Freyr og gno. hof 'bygning for kulthandlingar, Tysnes, av gudenamnet gno. Týr og nes, Ve, av gno. 'heilagdom', vera frå før religionsskiftet. Imperativnamn som Bislett ’bi så litt’, Kikut ogSittpå skriv seg derimot frå etterreformatorisk tid.

Til den ikkje-språklege dateringa høyrer førekomst i historiske kjelder. Eit namn som førekjem i eit diplom frå t.d. 1300, må vera eldre enn dette årstalet (og oftast mykje eldre). Lægje i høve til ein sannsynleg opphavsgard og storleik på skatteskyld kombinert med namnetype er andre viktige dateringskriterium.

Vidare kan kunnskap om eigedomsgrenser nyttast til å fastsetja dei opphavlege gardsvalda og såleis gje hjelp til ei relativ datering av gardsnamnet. I nokre høve kan ein òg seia noko om alderen på eit namn ut frå landheving. Ein viktig føresetnad for namnekontinuitet er at det har budd folk kontinuerleg i området – i motsett fall ville namnet som regel verta gløymt. Her kan pollenanalysar og radiologisk datering gje ein peikepinn på kor sannsynleg det er at eit gardsnamn kan førast attende til eit visst tidsrom.

Kjende stadnamn

Innleiingsvis vart det peikt på at nokre stadnamn er kjende av dei fleste, medan andre har ein meir avgrensa brukarkrins. Me har alle eit nærmiljø med namn som me er fortrulege med, anten det er Storgata, Haugen eller Kebabkiosken på hjørnet. Sjølv om slike namn ikkje er så spennande, har dei sin viktige funksjon. Tek ein til å sjå på namna på bydelar, gardar, fjell og fjordar i området der ein bur, vert det meir interessant.

I mange kommunar finst det lokalhistoriske publikasjonar med namneforklaringar, og dersom ein går inn på internettadressa til Norske Gaardnavne (sjå ovanfor), vil ein finna forklaring på dei fleste gardsnamna. Eit greitt oversiktsverk er Norsk stadnamnleksikon(4. utg. 1997) som tek for seg ca. 6000 av dei vanlegste stadnamna i landet.

Det mest kjende stadnamnet vårt er naturlegvis landsnamnet Noreg/Norge, i gammalnorsk Noregr, som vert tolka som ’vegen mot nord’. Under landsnamnet i rang står fylkesnamna, som stort sett er gamle landskapsnamn, t.d. Rogaland, som inneheld ei eldre form av folkenemnet rygir, jf. Tacitus som omkring 100 e.Kr. nemner folkeslagetrugii. I gammalnorsk tid vart det nærskylde namnet Ryfylke brukt om det nordlege Rogaland og det sørlege Hordaland. Ein annan type av fylkesnamna er Akershus, som har namn etter festninga i Oslo, og som i sin tur har namn etter garden og soknet Aker.

Bynamna er til dels gamle naturnamn eller gardsnamn, såleis Tromsø, som går attende på Troms ’(øya) i straumen’. Dette gamle namnet vart teke som fylkesnamn i 1919. Fyrsteleddet i Trondheim er i slekt med folkenamnet trønder, som i sin tur er avleidd av eit ord som tyder ’veksa’. I mellomalderen vart byen nemnd Nidaros ’osen til Nea (Nidelva)’. Bergen går attende på det eldre Bjørgvin ’engsletta ved berget’, medan Stavangerinneheld ordet stav i tydinga ’rett’ eller ’bratt’ og anger, gno. angr ’fjord, vik’.

Soknenamna og dagens kommunenamn har i stor grad fått namn etter den garden kyrkja ligg på, t.d. Alstahaug (fyrsteleddet er øynamnet Alsta med usikker tyding). Desse og andre typar distriktsnamn er for det meste handsama i NG. Her finn ein òg opplysningar om gardsnamn som i dag er brukte som grendenamn og bydelsnamn, t.d. Vøyen i Oslo, samansett av gno. vað ’vad’ og gno. vin ’naturleg eng’, og Mørkved i Bodø, samansett av gno. myrkr ’mørk’ og gno. viðr ’skog’.

Let ein så tankane gå til nokre av dei større naturlokalitetane rundt om i landet, vil rimelegvis namnet Mjøsa dukka opp nokså snart. Dersom tydinga er ’den blanke, lysande’ av ei rot *mer som noen mener, kunne det vera språklig i slekt med morgen. To andre velkjende innsjønamn er Sperillen ’den langsmale’ og Krøderen ’den krokete’. Går ein til Jotunheimen, møter ein trekløveret Bygdin ’den bøygde’, Gjende ’den beine’ ogTyin, som anten betyr den ’tvidelte’ eller ’den som svell opp’. Femunden er sannsynlegvis ei avleiing til ein ordstomn feim ’skum’.

Av kjende elvenamn skal her nemnast Glåma ’den bleikt skinande’ eller ’den som gjev sterk lyd’, Lågen, ’vatn, væske’, Namsen, kanskje i slekt med latin navis ’båt’ og norsknaust ’båt’, Tana, av samisk Deatnu ’stor elv’. Eksempel på gamle øynamn er Senja, kanskje i slekt med sund ’oppsplitta’, Vega, av gno. veig ’væske, sterk drikk’, og Stord’den oppragande’. Talet på gamle usamansette naturnamn går opp i tusentals, men langt fleire er samansette med lokalitetsord som sjø, vatn, elv, bekk, å, øy, fjord, sund, vik, fjell, nut, tind osv. Stadnamnmaterialet er utruleg stort, og samstundes utruleg spennande for den som vil studera denne viktige kjelda til vårt lands natur og historie.

---

Av fyrsteamanuensis Botolv Helleland, Institutt for lingvistiske og nordiske studium, namnegransking, Universitetet i Oslo. Artikkelen sto fyrst på trykk i Almanakk for Noreg 2003. Tilvisingane til stadnamnlova er oppdaterte.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:26.09.2014 | Oppdatert:14.01.2021