Hålogaland som ekte eller uekte brøk?

At bruken av namnet Hålogaland i offentleg samanheng er i ferd med å bli nokså uoversiktleg, er noko mange vil ha lagt merke til.

Hålogaland som namn på eitt nordnorsk bispedøme var uproblematisk, og sjølv om Nord- og Sør-Hålogaland etter delinga ikkje er like lettvint, veit folk flest at Sør-Hålogaland vil seie Nordland og at Nord-Hålogaland er Finnmark + Troms. - Hålogaland lagmannsrett held til i Tromsø, og det er iallfall etter fylkesinndelinga ei naturleg plassering.

Men i ein del andre administrative samanhengar er namnebruken mindre grei: Sør-Hålogaland heimevernsdistrikt blir administrert frå Mosjøen og Nord-Hålogaland heimevernsdistrikt frå Narvik. At Narvik ikkje ligg i Troms, men i nordenden av Nordland, er ikkje noko stort poeng, jf. avsnittet framfor. Meir forvirrande er at ein del av Sør-Hålogaland her heiter Nord-Hålogaland (sørgrense Tysfjorden). Men frå og med 14. juni 2005 går denne norddelen av Nordland saman med Troms heimevernsdistrikt under namnet Nord-Hålogaland heimevernsdistrikt, og det ser ikkje ut til at meir enn i beste fall delar av Finnmark då er medrekna.

Pragmatiske løysingar må til innimellom, men det ville vere ein klar fordel om ingen trong lure på kor grensen mellom Sør- og Nord-Hålogaland eigentleg går, og om Finnmark høyrer til Hålogaland eller ei.

Sivilforsvaret kallar på si side alt til og med Tysfjorden for Nordland sivilforsvarsdistrikt, men det som kjem nordafor blir å heite Midtre Hålogaland sivilforsvarsdistrikt (Harstad), sjå neste avsnitt.

Så tilbake til handheving av lov og rett: Hålogaland lagmannsrett er som sagt eit eintydig namn, men den som hentar telefonkatalogen for å leite etter politikammera, finn etter tur Politiet i Bodø, Svolvær, Narvik, og Harstad og Tromsø. Under Politiet i Tromsø er på første line nemnt Troms politidistrikt, men under Politiet i Harstad finn vi derimot Midtre Hålogaland politidistrikt. Sør for dette finn vi Salten politidistrikt (Bodø). Det ser dermed ut til at Midt-Hålogaland må vere ein del av det som Heimevernet heretter kallar Nord-Hålogaland, og som omfattar heile Troms, men det ligg samtidig sør for Troms så lenge det er tale om politisaker. Ingen ryddig namnebruk, akkurat.

Frå eit anna samfunnsområde: Det burde vere allment kjent at namnet Helgeland og Hålogaland eigentleg er det same, men at «utviklinga» har gjort namna ulike. I helsesektoren har dette ført til namna Helgelandssykehuset Rana, Helgelandssykehuset Sandnessjøen, Helgelandssykehuset Mosjøen. Lenger nord derimot: Hålogalandssykehuset Harstad, Hålogalandssykehuset Narvik og Hålogalandssykehuset Stokmarknes. I Bodø og på Gravdal i Lofoten finst derimot ikkje noko Hålogalandssykehus, er det likt til, der heiter det Nordlandssykehuset.

Radiumhospitalet er eitt, Haukeland sjukehus eit anna, og så bortetter. Hålogalandssykehuset så vel som Helgelandssykehuset er i seg sjølve og i samanlikning meir tungvinte namn. I tillegg kjem at begge desse siste er offisielt namn ikkje på eitt, men på heile tre forskjellige sjukehus, slik at det krevst eit by- eller distriktsnamn til utmerking!

I tillegg har vi fått ein splitter ny nordnorsk sjukehusgeografi der dei skil mellom Helgeland i sør, Nordland i midten, og deretter eit Nord-Hålogaland som ingenting har med bispedømet å gjere, men der nordgrensen går gjennom Troms fylke.

Vesterålingane har kanskje særleg grunn til å kjenne seg geografisk frustrerte, for i motsetning til sine nære naboar lofotingane er dei ikkje lenger nordlendingar, men hålogalendingar dersom dei blir sjuke. Men elles stiller dei likt og er nordhålogalendingar når dei gjer teneste i heimevernet, midthålogalendingar dersom dei får med lovens lange arm å gjere (eller treng advokat frå Midt-Hålogaland krets av Den Norske Advokatforening).

Borg, Bjørgvin, Nidaros og Tunsberg var norrøne bynamn-former som i vår tid blir assosierte med bispedømmeinndelinga, og berre det. Landsdelsnamnet Hålogaland kjem i same namnekategori, men er vel å merke det lengste av dei alle. Namnekonstruksjonen Midtre Hålogaland eller for den del Midt-Hålogaland kjennest av den grunn ufolkeleg og tungrodd. Ein kunne nesten tru at nokon vil skipe eit halvfylke, i strid med alle forsikringar om at fylkesgrensa mellom Nordland og Troms ligg fast?

Men sjølv om det skulle vere ein grunnlaus tanke, er og blir Midt-Hålogaland som namn på eit politidistrikt mellom Salten og det sentrale Troms særs hjelpelaust. Det er langt og tungvint, set dei eigentlege distriktsnamna i området til sides og klussar med bispedømmenamn som i si tid vart vedtekne ved kongeleg resolusjon. Nylaginga er dessutan ulogisk, for Hålogaland som eitt bispedømme omfatta som kjent tre fylke, og ut frå det må vel Midtre Hålogaland bli det same som Troms fylke?

Mykje av dette har med språkplanlegging og især namnerøkt å gjere. Ingen offentleg instans har rådspurt namnekonsulenttenesta for Nord-Noreg om dei omtalte namneformene. Namnevedtaka er altså gjorde utan omsyn til stadnamnlova, og det er vanskeleg å tru at endringar vil skje utan departementale pålegg. At uhistorisk og forvirrande namnebruk er i ferd med å bli sedvanerett i offentleg sektor, er ille, og den halvoffentlege eller private bruken av Hålogaland-namnet er neppe meir ryddig.

Vett og Uvett påstår at "aust og sållessen de har kje vi hér", og det er kanskje ein fordel i enkelte høve, iallfall har ikkje namneformene Aust- og Vest-Hålogaland vore lanserte hittil.


Finn Myrvang (06.09.05.) (Artikkelen vart opphavleg skriven som eit brev til Norsk språkråd, sendt 07.06.05.)
 
 

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:10.06.2008 | Oppdatert:14.01.2021