Fornamnmoten i Noreg, Sverige og Danmark 2006–2010

Noreg, Sverige og Danmark har mykje til felles, både når det gjeld språk og kultur. Også når det gjeld fornamnmotar, kan ein finne mange likskapar. Men sjølv om nokre av dei same trekka i namnebruken, som bruken av jentenamn på -a(h) og bruken av bibelske namn, er tydeleg både i Noreg, Sverige og Danmark, er det likevel ikkje så mange enkeltnamn som finst på ti-på-topp-listene i alle tre landa. Trendane og likskapane viser seg tydelegare i namnetypar enn i enkeltnamn.

Slik ser ti-på-topp-listene ut for dei tre landa dei siste fem åra (ein asterisk* bak namnet tyder at fleire forskjellige stavemåtar er slegne saman):

Noreg:

Nr. 2006 2007 2008  2009 2010
1 Thea*
Jonas
Sara*
Mathias
Linnea*
Lucas
Emma
Lucas*
Emma
Lucas*
2 Sara*
Mathias*
Thea*
Alexander*
Emma
Mathias*
Sara*
Alexander*
Linnea*
Emil
3 Emma
Alexander*
Emma
Lucas*
Sara*
Emil
Linnea*
Emil
Sara*
Mathias
4 Julie
Elias
Julie
Kristian*
Nora
Markus*
Nora
Mathias*
Sofie*
William
5 Nora
Kristian*
Nora
Jonas
Thea*
Oliver
Sofie*
Magnus
Nora
Magnus
6 Hanna
Andreas
Ida
Markus* 
Ida
Jonas
Thea*
Oliver
Ingrid*
Markus*
7 Ida
Markus*
Emilie
Emil
Sofie*
Magnus
Ida
Markus*
Thea*
Jonas 
8 Ingrid*
Sander
Linnea*
Magnus
Leah*
Alexander*
Emilie
Jonas
Emilie
Kristian*
9 Emilie
Sebastian
Ingrid*
Elias
Ingrid*
Kristian*
Ingrid*
William
Ida
Oliver
10 Maria
Emil
Anna
Henrik
Julie
Andreas
Maja
Kristian*
Maja
Alexander*

 
Sverige:

Nr.200620072008 20092010
1 Emma, Maja
Lucas
Wilma
William
Maja
Lucas
Alice
Lucas
Maja
Oscar
2 Oscar Maja
Lucas
Emma
Oscar
Maja
Elias
Alice
William
3 Agnes
William
Ella
Elias
Julia
William
Ella
Oscar
Julia
Lucas
4 Julia
Elias
Emma
Oscar
Ella
Elias
Emma
William
Linnéa
Elias
5 Alva
Filip
Julia
Hugo
Elsa
Hugo
Elsa
Hugo
Wilma
Alexander
6 Linnea
Hugo
Alice
Viktor
Alice
Alexander
Alva
Alexander
Ella
Hugo
7 Wilma
Viktor
Alva
Filip
Alva
Erik
Julia
Oliver
Elsa
Oliver
8 Ida
Isak
Linnea
Erik
Linnea
Isak
Linnea
Viktor
Emma
Theo
9 Alice
Alexander
Ida
Emil
Wilma
Filip
Wilma
Erik
Alva
Liam 
10 Elin
Emil
Ebba
Isak
Klara
Emil
Ebba
Axel
Olivia
Leo


Danmark:

Nr.200620072008 20092010
1 Laura
Lucas
Mathilde
Lucas
Emma
Lucas
Freja
Mikkel
Isabella
William
2 Sofie
Mikkel
Emma
Mikkel
Freja
Oliver
Ida
Lucas
Ida
Noah
3 Mathilde
Frederik
Sofie
Noah
Ida
Emil
Emma
William
Anna
Lucas
4 Emma
Magnus
Freja
William
Caroline
Mikkel
Lærke
Emil
Emma
Victor
5 Freja
Mads
Laura
Oliver
Sofie
Noah
Caroline
Noah
Mathilde
Mikkel
6 Caroline
Emil
Caroline
Mathias
Mathilde
Magnus
Anna
Victor
Caroline
Magnus
7 Ida
Oliver
Ida
Magnus
Anna
William
Isabella
Magnus
Maja
Frederik
8 Anna
Sebastian
Anna
Emil
Laura
Mathias
Sofie
Oliver
Freja
Mathias
9 Sara
Mathias
Sara
Frederik
Lærke
Frederik
Mathilde
Frederik
Sofie
Oliver
10 Julie
Tobias
Julie
Mads
Sara
Victor
Sara
Mathias
Laura
Emil

 

Det er faktisk ikkje så mange av namna i listene som førekjem i alle dei tre landa, berre tre jentenamn (Emma, Ida og Maja) og fire gutenamn (Emil, Lucas, Oliver og William). Dei fleste av namna er likevel kjende og ganske mykje brukte både i Noreg, Sverige og Danmark. Eit unnatak er Lærke, som berre har nokre få berarar i Noreg og Sverige.

Kva slags typar namn er populære? 
Her er det mange trekk ved namna ein kan ta for seg: tydinga til namna, kor lange dei er, kvar dei kjem frå, kva for bokstav dei begynner eller sluttar på, og så vidare.

Når det gjeld lengda på namna, er det faktisk berre eitt namn i desse tre tabellane som har berre éi staving, nemleg Mads. Derimot er det ganske mange (21 namn eller 33,8 %) som har tre eller fleire stavingar.

Noreg: Julie*, Emilie, Maria, Linnea, Sofie, Mathias, Alexander, Elias, Kristian*, Andreas, Sebastian, Oliver, William*.

Sverige: Linnea, Julia*, Alice*, Olivia, Alexander, Elias, Oliver, William*.

Danmark: Julie*, Sofie, Mathilde, Caroline, Isabella, Mathias, Sebastian, Oliver, William*, Frederik*, Tobias.

Namna som er markerte med *, kan òg ha uttale med to stavingar: Jul-je, Jul-ja, Krist-jan, A-lis, Vil-jam, Fred-rik. Dei resterande førti namna (64,5 %) har altså to stavingar.

Når det gjeld forma på namna, sluttar dei aller fleste jentenamna på -a eller -ah (22 av 32 namn). Statistisk sentralbyrå skreiv i 2006 at «[d]et er fortsatt navn som slutter på a eller ah som gjelder på jentesiden. For tredje år på rad er 35,5 prosent av navnene av denne type, mens andelen i 1950 var på under 10 prosent». Populariteten til denne typen namn har altså halde fram i Noreg dei siste åra, og er også tydeleg i Sverige og Danmark.

Noko anna som kan nemnast om forma på namna, er at det for jentene sin del er mykje bruk av kortformer og kjæleformer: Thea, Emma, Nora, Ida, Maja, Alva, Wilma, Ella, Elsa, Ebba, Laura og Hanna. Blant gutane finn vi òg nokre namn av denne typen: Sander, Hugo, Theo, Liam og Leo. Desse kortformene bidreg til at jentenamna som sluttar på -a(h), er såpass godt representerte. Eller kanskje det heller er omvendt?

Det er mange framandspråklege namn i listene, både i Noreg, Sverige og Danmark. Det er tyske namn (til dømes Ida, Henrik og Mathilde), hebraiske (Sara, Hanna, Jonas, Isak), engelske (Alice), latinske (Julia, Amanda, Lucas) og greske (Andreas, Sebastian, Alexander), for å nemne nokre av dei. Mange av dei er tilpassa dei nordiske språka i større eller mindre grad. Opphavleg nordiske namn er det få av, berre Ingrid, Alva, Freja og Erik. Linnea er eit svensk namn, men laga av eit latinsk slektsnamn. Og Lærke er eit dansk namn, identisk med fuglenamnet lerke. Elles er det mange bibelske namn i materialet: Anna, Hanna, Julia, Leah, Maria, Sara, Andreas, Elias, Filip, Isak, Jonas, Lucas, Markus, Mathias, Noah og Tobias. Det er særleg i Noreg at desse namna er populære. I den norske lista finn vi elleve slike namn, mot fem i den svenske og seks i den danske. Interessant nok er det skilnad i kva for bibelske namn som er populære i dei forskjellige landa. Filip og Isak finn vi berre i den svenske lista, Tobias og Noah finst berre i den danske, mens Jonas, Andreas og Markus berre finst i den norske. Namnet Lucas ligg derimot på topp i alle landa.

Ein artig detalj er at alle dei tre landa har namn frå sine respektive kongefamiliar på listene. Noreg har Magnus (kronprins Haakon Magnus og prins Sverre Magnus) og Ingrid (prinsesse Ingrid Alexandra), Sverige har Filip (prins Carl Filip), og Danmark har Frederik (kronprins Frederik), Isabella (prinsesse Isabella) og William (prins Nikolai William).

Har landa påverka kvarandre?
Sidan listene som er tekne med i denne artikkelen dekkjer eit såpass kort tidsrom, er det vanskeleg å sjå nokon klar påverknad mellom landa. Men dersom vi går lenger tilbake i statistikken, kan vi finne nokre døme. Namnet Emma når til dømes førsteplassen i Noreg først i 2003, mens det låg på førsteplass i Sverige og Danmark allereie i 1998. Emil kjem inn på den norske ti-på-topp-lista i 2006, men finst på ti-på-topp-listene i Sverige og Danmark frå 1999 og 1997. For desse to namna kan det altså sjå ut som om namnetrenden har kome til Noreg frå Sverige og Danmark. Namnet Linnea kjem inn på den norske ti-på-topp-lista frå 2007, men finst på den svenske lista i alle fall frå 1998. Dette namnet er lite brukt i Danmark og syner heller ingen teikn på å auke. Trenden i Noreg med jentenamn som sluttar på -a(h), har nok òg kome frå Sverige. Han kjem for alvor inn på ti-på-topp-lista i Noreg frå år 2000, mens på den svenske ti-på-topp-lista frå 1998 sluttar ni av jentenamna på -a. I Danmark har -a(h)-namn auka frå fire av ti på slutten av 90-talet til sju av ti i 2010.

Litteraturliste
Kristoffer Kruken og Ola Stemshaug: Norsk personnamnleksikon (2. utgåve), Det Norske Samlaget, Oslo 1995
Namnestatistikk frå Noreg, Statistisk sentralbyrå
Namnestatistikk frå Sverige, Statistiska centralbyrån
Namnestatistikk frå Danmark, Danmarks Statistik

 

Publisert oktober 2011 

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:29.09.2011 | Oppdatert:14.01.2021