Frå urnordisk til norrønt

Norsk språk har utvikla seg av eit felles skandinavisk språk som vi kallar urnordisk, og som vart brukt i det første tusenåret etter Kristus. Det er bevart døme på det i ein del runeinnskrifter frå desse hundreåra. Runer var skriftteikn som vart brukt til å risse inn tekst i tre, stein, bein og anna hardt materiale. Runealfabetet brukt i den urnordiske tida hadde 24 teikn, og innskriftene har eit ganske einskapleg preg over heile Skandinavia. Det tyder på at urnordisk var eit stabilt språk med lite av dialektskilnader. Orda hadde gjerne mange stavingar og var rike på vokalar.

Fram mot vikingtida endra dette språket seg og fekk ein enklare struktur. Orda vart stuttare ved at trykklette vokalar eller heile stavingar kunne bli borte. Samtidig endra mange lydar seg, og desse endringane vart ulikt gjennomført innanfor det skandinaviske området. Dermed oppstod det eit skilje mellom ei vestleg grein, som vi kallar norrønt, og ei austleg grein, som etter kvart skulle utvikle seg til svensk og dansk.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter