Open høyring om nynorskrettskrivinga

(1.2.11) Rettskrivingsnemnda for nynorsk sender i dag innstillinga til revidert nynorskrettskriving på høyring. Det er open høyring fram til 25. februar.

Høyringsbrev vert sendt til aktuelle høyringsinstansar. Det er elles høve for kven som helst til å sende høyringssvar. Svara  bør helst sendast som vedlegg til e-post. Det er òg høve til å grunngje standpunkt munnleg på høyringsmøtet 21. februar.

Etter at høyringa er over, skal rettskrivingsnemnda lage endeleg innstilling til 1. april på grunnlag av høyringsframlegget og innkomne  høyringssvar. Styret i Språkrådet gjer sitt vedtak 20. mai og sender det over til Kulturdepartementet for endeleg vedtak.

Innstillinga frå rettskrivingsnemnda ligg på denne sida.

Nemnda vart sett ned av Språkrådet i 2010 for å lage ei ny rettskriving for nynorsk. Les meir om arbeidet på nemnda sine nettsider.

Kontaktperson:
nemndleiar Grete Riise, tlf. 416 61 790

 

 

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter