Nye vedtak frå rettskrivingsnemnda
(31.8.10) Ei rekkje verb som i dag har obligatorisk j, som t.d. bølgje, følgje, ønskje og sørgje, skal og kunne skrivast utan j i den nye rettskrivinga. Vekedagane skal skrivast som i dag. Dette er to av dei vedtaka nemnda gjorde på møte 18. august. Nemnda diskuterte og om ord som dialekt skal få valfritt hankjønn eller hokjønn, utan å gjere vedtak.
Fann du det du leita etter?
Trykk på Ja eller Nei og skriv ei tilbakemelding med ris, ros eller begge delar. Vi svarar ikkje på tilbakemeldingane, men vi les dei aller fleste nøye.