og no, eller berre no?

(4.8.10) Rettskrivingsnemnda vil gjerne høyra kva folk meiner om orda som er lista opp nedanfor. Bør nemnda gå for ei form (i så fall den siste ved kvart alternativ), eller bør me behalda båe former?

Alle formene har god støtte i dialektane, men vårt mandat er å stramma inn. På den andre sida er dette ”signalord” som betyr mykje for mange. Aleine, da og mye er jamstelte hovudformer i dag, mens bare, noen, og so er sideformer.

  • aleine el. åleine
  • bare el. berre adv.
  • da el. då
  • mye el. mykje
  • noen el. nokon
  • nå el. no
  • so el. så

Nemnda er òg interessert i innspel om kjøra el. køyra. Begge formene har eit breitt dialektgrunnlag, og følgjer i mange tilfelle ikkje same utbreiing som høra/høyra. Kombinasjonen høyra, men kjøra er ikkje uvanleg i mange dialektar.

Eit anna spørsmål nemnda har diskutert, er namna på vekedagane. I dag heiter det sundag el. søndag. Bør me ta inn alternativ også til måndag, tysdag, laurdag – dvs. mandag, tirsdag, lørdag?


 

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:16.08.2010 | Oppdatert:14.01.2021