Nye reglar: samsvarbøying av perfektum partisipp
Etter at Kulturdepartementet godkjende den nye rettskrivinga for nynorsk, har reglane for samsvarbøying av perfektum partisipp vorte endra. Departementet har godkjent ein ny ordlyd for framlegget i punkt 3.5.1 side 208 «Samsvarbøying av perfektum partisipp i predikativ stilling». Teksta i punkt 3 er endra.
Den nye ordlyden er slik:
Det skal framleis vera samsvarbøying i partisipp av sterke og svake verb, men det er òg mogleg å la vera å samsvarbøya partisipp av svake verb i predikativ stilling. Systemet for samsvarbøying av partisipp blir dermed slik:
1 Svake perfektum partisipp i predikativ stilling kan anten ha samsvarbøying eller stå i supinum:
Pakken er løynd/løynt.
Resultatet er løynt.
Dei er løynde/løynt.
Han er presentert.
Det er presentert.
Dei er presenterte/presentert.
2 Sterke perfektum partisipp skal ha obligatorisk samsvarbøying i predikativ stilling:
Fisken er frosen.
Vatnet er frose.
Bollane er frosne.
3 I attributiv stilling (rett framfor eit substantiv) skal både svake og sterke partisipp ha samsvarbøying:
ein løynd pakke
eit løynt resultat
løynde pakkar
ein frosen kjøtdeig
eit frose brød
frosne bollar
Sist oppdatert 29. august 2012
Fann du det du leita etter?
Trykk på Ja eller Nei og skriv ei tilbakemelding med ris, ros eller begge delar. Vi svarar ikkje på tilbakemeldingane, men vi les dei aller fleste nøye.