Utviklinga i norsk rettskriving etter Stockholms-møtet 1869

Når eg ved dette hundreårsjubileet for nordisk rettskrivingsstrev skal gjere greie for utviklinga i Noreg, kjenner eg meg på ein måte i forsvarsposisjon. Og det gjer eg ikkje berre på vegner av mitt eige nynorske mål, men på vegner av begge våre norske skriftspråk. 

Av Alf Hellevik

Ein reint ytre indikator på utviklinga i det hundreåret som er gått sidan Stockholms-møtet, har vi jo i det forholdet at dei to skriftspråka som det i 1869 galdt å halde saman, dei er no i 1969 kløyvde i fire. Og denne språkkløyvinga er det vi nordmenn som har ansvaret for.

På møtet i 1869 var ikkje landsmålet eller nynorsken representert, ja i røynda var heller ikkje norsk bokmål eller riksmål representert. Dei nordmenn som var med på møtet, møtte ikkje som representantar for eit særskilt norsk språk, men representerte saman med dei danske utsendingane det felles dansk-norske skriftspråket. Ser ein den seinare utviklinga mot denne bakgrunnen, er det nok mange som vil vere freista til å gi professor Erik Noreen rett når han i sin artikkel om «Nordisk språkgemenskap» hevdar at i Noreg «har separatismen firat triumfer».

Men skal ein vurdere norsk språkutvikling jamført med dansk og svensk, bør ein først forvisse seg om at ein opererer med dei same verdinormer.

Omsynet til nordisk språkfellesskap er berre eitt av mange omsyn som vi må ta ved språkplanlegging og språknormering. Arbeidet for nordisk språkfellesskap – i rettskriving som på andre område av språket – kan ikkje og bør ikkje drivast lenger enn det går i hop med nasjonale og sosial-pedagogiske omsyn. Det tek ikkje sikte på noko så utopisk som eitt felles nordisk skriftmål og talemål, men byggjer på den føremonen som vi har her i Norden, at vi i samkvemmet med våre nordiske grannar kan bruke våre eigne mål og likevel bli forstått – noko så nær i alle fall.

Men godkjenner ein kvart folks rett til nasjonale, historisk og språkgeografisk fastlagde språk, må ein òg godkjenne vår rett til eit særskilt norsk språk. Eller for å sitere professor D. A. Seip frå 1939: «Det er en fordel at dansker, svensker og nordmenn forstår hverandre. Denne fordelen skal vi ikke gi opp ... Men på den andre siden kan ikke nordisk fellesskap hindre oss i å utvikle et norsk skriftspråk som høver for oss.» («Vinning og tap» s. 6.) No har vi ikkje berre utvikla eitt norsk skriftspråk, vi har laga to – og somme hevdar at vi har komme i skade for å lage tre eller fire. Det siste er no eit spørsmål om korleis ein definerer språk og språkvariantar, og det skal vi la liggje.

Men vår interne språkkløyving og det at vi på same tid må ha både eit samnorsk og eit samnordisk sikte, skaper både særlege vanskar og særlege vilkår for oss i vår språknormering. I så måte er utviklinga etter det nordiske rettskrivingsmøtet i 1869 lærerik, og eg skal gjere kort greie for lagnaden til dei viktigaste tilrådingane på møtet.

Dei rettskrivingsreformene som vart tilrådde for dansk-norsk, var godt førebudde i Noreg. Reformprogrammet til danskane Rasmus Rask og N. M. Petersen hadde framståande og aktive talsmenn i Noreg, i første rekkje professor Ludvig Kr. Daa og Knud Knudsen, som altså begge var med på det nordiske rettskrivingsmøtet. Nokre av punkta hadde Knud Knudsen gjort framlegg om alt i 1860, og praktisk talt heile 1869-vedtaket – også det som galdt svensk – hadde Knud Knudsen alt tre år før Stockholms-møtet gjort framlegg om og stilt opp punkt for punkt i ein artikkel i månadsskriftet Norden. Artikkelen, som også vart utgitt i særprent, hadde tittelen «Om tilnærmelse mellem Norsk, Dansk og Svensk», og Knud Knudsen gjer der også framlegg om ein del reformer som han ville ha gjennomført i norsk «om en de Danske ikke kan eller vil følge med».

Det er her verdt å merke seg at det Rask-Petersenske prinsippet om ei meir ortofonisk rettskriving, større samsvar mellom uttale og skrift, som også ligg til grunn for vedtaka på Stockholms-møtet, inneheldt farleg sprengstoff i tilhøvet mellom dansk og norsk. Der allment norsk talemål skilde seg frå dansk, måtte dette prinsippet føre til særnorske standpunkt. Det er derfor naturleg at Knud Knudsen med sitt gradvise reformprogram med grunnlag i norsk talemål, i første omgang det såkalla «dannede talesprog», gjekk inn for endinga -er istf. -e i felleskjønn fleirtal, og ville redusere bruken av -e og -er i nøytrum fleirtal (typen hus for huse el. huser). Han ville føre inn «hårde medlyd» i samsvar med norsk uttale, altså rot, kake, tape, og skrive g for v i ord som skog, plog, mage, gagn, duge. Dertil foreslo han enkelte ordformer som blåse og gråte (for blæse og græde), naken for nøgen, sjø for . Alt dette er slikt som seinare har slått igjennom.

På Stockholms-møtet vart slike særnorske ønskemål lagde til side – det galdt òg eit ønske frå dei norske representantane om å regulere ld og nd i retning av ei etymologisk fordeling av ld-ll, nd-nn – som i nynorsk – eller å gjennomføre ll og nn i samsvar med utbreidd norsk uttale.

Dei fleste av dei felles vedtaka for dansk-norsk omfatta da ortografiske og til dels reint typografiske reformer som ikkje rørte ved uttaleproblem. Det siste galdt t. d. vedtaket om å gå, over til latinske typar istf. gotiske, bruke å for aa og små forbokstavar i substantiv, likeins tilrådinga om meir bruk av bindestrek i fleirledda samansetningar og meir særskriving for eldre samanskriving.

I andre tilfelle dekte dei felles rettskrivingsvedtaka i realiteten over ulik uttale i dansk og norsk, og med den rolle som ortofone synsmåtar spela i tida, kom dette faktum til å medverke til at dei felles dansk-norske vedtaka vart ulikt gjennomførte i dei to landa.

Det gjeld i første rekkje vedtaket om å sløyfe j etter g og k (sk) framfor vokalane e, æ og ø, tilsvarande den tradisjonelle skrivemåten med g og k føre i og y. Her stemte jo skriftformene med gj og kj dårleg med dansk uttale, i tillegg til at skrivemåten var inkonsekvent, medan tradisjonell skrivemåte med gj og kj føre e, æ og ø dekte norsk uttale betre enn skriftformer med g og k. No er det ein allmenn regel at det er vanskeleg å forandre ei ortofon skriftform som først har festa seg – enda om det i og for seg kan vere gode systematiske grunnar for ei endring. (Det vil t. d. ikkje vere lett å føre inn att d i norsk greie eller h i svensk vad.) Da Ivar Aasen sette opp sin skriftnormal, halla han sterkt i retning av den svenske skrivemåten utan j, som både fanst i gammalnorsk og dertil var mest rasjonell. Men av omsyn til den dansk-norske skrifttradisjonen godtok han fordelinga med g og k føre i og y (og diftongane ei og øy) og gj og kj føre e, æ og ø. Rett nok meinte Aasen at denne skrivemåten «kun burde betragtes som en midlertidig Efterlempning og ikke som nogen fast Regel for Fremtiden» (Norsk Grammatik s. 29). Men trass i visse tilløp hos enkeltpersonar til å gjennomføre Stockholms-rettskrivinga også på dette punktet – bl. a. gjennomførte Ibsen skrivemåten utan j – så vart ho aldri innført i skolen. Og i praksis har heller ein motsett tendens gjort seg gjeldande, nemleg til også å skrive j føre i og y – særleg i særnorske ord – og særleg ofte finn ein j føre diftongane ei og øy (t. d. gjeit og skjøyte).

Uttaleargument har òg verka med til å hindre gjennomføringa av vedtaket om å skrive diftongane ei og øi med j istf. med i, altså ej og øj. I staden vart den nynorske skrivemåten øy innført i bokmålet i 1938, ei reform som fort slo igjennom.

Også vedtaket som å sløyfe vokaldobling og det såkalla «understøttende som teikn for lang vokal verka på sett og vis med til å skilje dansk og norsk. Denne reforma, som snøgt vart gjennomført i Noreg, auka nemleg talet på homografar, og kom dermed til å forsterke behovet for å utmerkje lang konsonant etter kort vokal, slik systemet var i nynorsk og i svensk. I eit brev til sin danske forleggjar Hegel i Gyldendal hevda såleis Henrik Ibsen: «Jo mere man i Danmark og Norge fortfarer med at forkaste de dobbelte vokaler, som betegnede stavelsernes længde, desto mere nødvendigt synes det mig at blive at betegne disses korthed ved dobbelte konsonanter.» Men omsynet til Hegel og danske lesarar heldt likevel Ibsen frå å bruke dobbeltkonsonant i utlyd etter kort vokal. No hadde nok denne reforma før eller seinare slått igjennom i norsk bokmål, slik ho alt var gjennomført i nynorsk. (I bokmål vart ho delvis gjennomført i 1907 og fullstendig gjennomført i 1917.) Men atter ser vi at dei felles dansk-norske vedtaka med grunnlag i prinsippet om større samsvar mellom skrift og tale verka som sprengkilar i skriftmål med så vidt ulikt talemålsgrunnlag som dansk-norsk i Danmark og dansk-norsk i Noreg.

Noko liknande kan seiast om den regulering av e-æ som dei danske og norske representantane vart samde om. Her er den følgjande utviklinga i norsk bokmål heilt fastlagd av to omsyn, som begge førte bort frå 1869-reguleringa. På den eine sida omsynet til å nærme bokmålet til skrivemåten i nynorsk, som her var meir etymologisk bestemt, men som likevel samsvara betre med norsk talemål, og på den andre sida tilnærming til det vanlegaste systemet i normaltalemålet, særleg i hovudstaden, der det er samanfall av e-æ til e så nær som føre r, der det er æ. Det er same fenomenet som vi finn att i Stockholms-målet, og som Erik Noreen kallar «Den mest beryktade olaten i det stockholmska uttalet» (Svensk språkvård s. 29). Desse omsyna førte i 1917 til ei felles norsk regulering av e-æ som låg nær opp til skrivemåten i nynorsk. Men i bokmålet var det dermed sett i gang ei utvikling som ikkje stansa opp med dette. Når først den eldre skrifttradisjonen var oppgitt, heldt tillempinga til talemålet fram, og det har ved seinare felles reguleringar ført til at nynorsk har mått nærme seg meir og meir til systemet i bokmål, medan bokmålet til gjengjeld har prøvd å halde oppe den nynorske regelen at omlydsproduktet av å skal skrivast med æ.

Strevet med å finne den beste skrivemåten for e-æ-lyden er eit godt eksempel på dei problem vi har stått overfor i norsk med gjensidig tilnærming mellom dei to skriftmåla og til utbreidd talemål. Problema var innfløkte nok om ein ikkje også skulle ta omsyn til skrivemåten i dansk og svensk, og det er forståeleg at Stockholms-reguleringa ikkje er nemnd med eit ord under drøftinga av e-æ, verken i 1917, 1938 eller i Norsk språknemnds framlegg til ny læreboknormal i 1957. Og ein ser heilt bort frå dei særnorske problema når ein som Erik Noreen kallar den norske reguleringa av e-æ for «en kulturfientlig åtgärd».

Også dei punkta i det felles dansk-norske rettskrivingsvedtaket som galdt rein ortografi eller typografi, førte i første omgang på sett og vis til å skilje norsk og dansk i og med at dei vart gjennomførte til ulik tid i dei to språka.

Når det galdt overgangen til latinsk skrift, er det vel ikkje så stor skilnad mellom dansk og norsk. Rett nok ser vi at Bjørnson i eit brev til Hegel slår i bordet og krev: «typerne latinske, ortografien min». Og han legg til at dei som ikkje vil lese den, dei kan la vere.

Men hos mange forfattarar og i storparten av avisene var gotisk skrift i vanleg bruk til hundreårsskiftet. Da gjekk Dagbladet som den første av dei store hovudstadsavisene over til latinske typar og små forbokstavar. Den nynorske dagsavisa som tok til å komme ut i 1894 under namnet Den 17de Mai, vart alt frå starten av prenta med latinske typar og små forbokstavar. Det same galdt det største nynorske tidsskriftet, Syn og Segn, som òg kom med sitt første nummer dette året.

Små forbokstavar i substantiva vart tillatne til skolebruk i 1877 etter at Kyrkje- og undervisningsdepartementet hadde gjort ei omfattande rundspørjing til universitetet og dei høgre allmennskolane. Dei fleste skolane gjekk inn for reforma. Det same gjorde det historisk-filosofiske fakultetet, men med aller knappaste margin: 7 mot 6 røyster. Og enda ved hundreårsskiftet heldt fakultetet fast på dei store forbokstavane i praksis. Det same gjorde dei største avisene like fram til 1907, da dei store bokstavane vart rivne med av andre og større omveltingar i den offisielle rettskrivinga. Av dei store diktarane våre gjekk Ibsen og Bjørnson over til små forbokstavar – dei aksepterte jo i det store og heile Stockholms-rettskrivinga. Lie og Kielland derimot heldt fram med store forbokstavar i heile sitt forfattarskap, og det same gjorde Arne Garborg og den langt yngre Knut Hamsun.

Når det gjekk så trått med overgangen til små forbokstavar, heng det dels saman med at bruken var valfri i skolen og dels at styremaktene viste eit dårleg føredøme. Først i 1899 vart «Stortingets forhandlinger» prenta med små bokstavar, og året etter finn vi dei i «Kongelige resolusjoner».

Enda seinare gjekk det med overgangen aa til å. Den kom først for alvor etter 1917-reforma. I si innstilling viser komiteen direkte til Stockholms-vedtaket, derimot er ikkje nordisk fellesskap nemnt med eit ord da 1935-tilrådinga foreslo å plassere teiknet å sist i alfabetet, noko som med rette har blitt kritisert frå svensk hald: «Med en finurlig liten åtgärd har man härmed hindrat norrmännen att lätt hitta i en svensk ordbok och vice versa,» skriv den kritiske Erik Noreen (i Svensk språkvård s. 20). Først i 1938 vart å-teiknet obligatorisk i skole og administrasjon.

Endeleg nemner eg at tilrådinga om å sløyfe stum d føre s naturleg nok er mest fullstendig gjennomført i norsk, såleis også i ordformer som best, plass og sist. Det same gjeld den samnordiske tilrådinga om å skrive ks for x-teiknet. Det vart alt året etter teke opp i 3. utg. av Aars' Norske rettskrivnings-regler, og har seinare blitt bortimot konsekvent gjennomført i begge mål, såleis også i fagord som oksygen, oksytonon, ekserpt. Med x skriv ein berre reine sitatord frå latin som ex auditorio. Men her får vi no etter kvart nye lån frå engelsk der det er vanskeleg å overføre x til ks, slike som sex og taxi (derimot skal taksameter skrivast med ks). Teleks er den offisielle forma, men i praksis blir ordet vanleg skrive med x. Dette er da eitt av mange eksempel på at det med den stigande kjennskapen til engelsk skrift blir alt vanskelegare å nasjonalisere nyare engelske lånord.

Skrivemåten av framandord vart òg drøfta i 1869. Resultatet vart at møtet i vage ordelag tilrådde ei varsam nasjonalisering av skrivemåten av allment brukte framandord, og det er eit prinsipp som alle dei nordiske språka sidan har følgt. Men her er det jo godt høve til å dra ulike grenseliner, og norsk har gått lengst i å nasjonalisere framandord, kanskje bortsett frå heilt nye lån, der det er mitt inntrykk at svensk er snarare og djervare til å nasjonalisere skrivemåten: skoter, tejp o. fl. Her er elles eit område der norsk språkkløyving er oppheva i og med at framandorda har same skriftform i begge mål. Dermed ligg her forholda på sett og vis særskilt godt til rette for norsk deltaking i eit vidare nordisk samarbeid. Og nettopp når det gjeld framandord, skulle ein tru det måtte vere størst utsikt til å nå visse resultat i det nordiske samarbeidet. Emnet vart også drøfta på det nordiske språknemndmøtet i 1955. Men resultatet var ikkje særleg oppmuntrande. Vi kom ikkje stort lenger enn til ei resignert konstatering av at det var stor innbyrdes skilnad mellom språka og lite og ingenting å gjere med han. Etter den tid har dei einskilde nemndene mått ta stilling til stadig nye framandord. Og eg er ikkje sikker på om vi har tillagt nordiske omsyn stor nok vekt under desse drøftingane. Eg nemner til dømes at Nämnden för svensk språkvård har knesett forma cybernetik med c, medan Dansk Sprognævn og den norske nemnda held på kybernetik(k) med k. Den danske og den svenske språknemnda har gått inn for forma psykodelisk i samsvar med vanleg form i andre samansetningar med psyke, medan Norsk språknemnd har knesett psykedelisk i samsvar med vanleg skrivemåte i norsk (og engelsk). Eg nemner dette – ikkje for å kritisere avgjerda i dei respektive nemndene – men til å illustrere at nordisk språkleg fellesskap er berre eitt av dei omsyn vi har å ta ved språknormering, og ikkje alltid det som veg tyngst. Likevel meiner eg at framandorda, både dei gamle og særleg dei nye, burde vere eit fruktbart område for nordisk samarbeid – også med tanke på sjølve skriftbiletet.

Så nokre ord om nynorskens stilling til språkskandinavismen og Stockholms-møtet. Det er velkjent at dei norske «skandinavane» nytta tankane om nordisk språkfellesskap som argument i kampen mot det unge landsmålet. Landsmålstilhengarane på si side kunne med ein viss rett hevde at dei ivrigaste talsmennene for nordisk språkfellesskap hadde ein tendens til å avgrense nordisk til dansk. Det er illustrerande at den norske sekretæren på Stockholms-møtet, Jakob Løkke, seinare sette seg imot både småforbokstavar og å-teiknet, og hevda at «Hensynet til Danmark maa overveie Hensynet til Sverige».

«Norderlendsk er vidare enn dansk» sette Gustav Indrebø som overskrift over eit kapittel i småskriftet «Norsk og Norsk» frå 1939, og peikar der bl. a. på at når ei fleirtalsform som visor i nynorsk blir endra til viser, så er det i og for seg inga nordisk utviding. Og det er det heller ikkje om nynorsk skulle gå vidare og t. d. gjennomføre -er for -ar i fleirtal av hankjønnsord.

Ein kan vel òg seie at seinare drøftingar om nordisk språkfellesskap har skapt større forståing for Aasens situasjon da han utforma sin landsmålsnormal, den som førte til at han i så stor mon valde historisk-etymologiske grunnformer som samform for dei ulike talemålsvariantane. Og likeins har nok nordiske synspunkt medverka til at norsk rettskriving ikkje har gått lenger i å sløyfe historiske, men no stumme konsonantar, ein tendens som var særleg sterk i bokmålet etter 1938, da t. d. vokalendande fortidsformer som ba, dro og ga vart valfrie og mykje brukte. Framlegget til ny læreboknormal 1957 bryt med denne avspora fornorskinga, og viser bl. a. til at ei isolert stryking av stumme konsonantar er til skade både for norsk og nordisk språkfellesskap. Eg nemner dette som eit døme på at nordiske omsyn har spela ei rolle – ved sida av andre omsyn – i nyare norsk språknormering.

Men tilbake til Aasen og hans stilling til vedtaka på Stockholms-møtet. Som vi har sett, høyrde dei fleste 1869-reformene til utanverket av språket, og ironisk nok galdt fleire av dei nettopp slike ytre ting som Aasen la lita vekt på, og kom til at det her var unødvendig å bryte den dansk-norske skrifttradisjonen. Av Aasens Norsk Grammatik ser vi såleis at han var i tvil om teiknet for å-lyden, men valde aa «som Folket nu engang er blevet vant til». Han hevdar at «i alt, som ikke vedkommer de egentlige Former, men kun det ydre eller det, som er for Øiet, saasom Brugen av Skrifttegn og store Bogstaver, ... bliver det uden Tvivl bedst at følge Brugen i Dansk og Tysk, da det er denne som Landets Almue nu engang er vant til, og da nogen Forandring i denne Sag ikke er nødvendig». Og når det galdt skrivemåten g el. gj, k el. kj framfor e, æ, ø, vog som vi har sett, omsynet til dansk-norsk skrifttradisjon tyngre enn både omsynet til gammalnorsk og svensk og til det språkleg mest rasjonelle.

Det er derfor forståeleg at Aasen reagerte negativt da Stockholms-møtet endra på mykje av dette som han rekna for uviktig og av den grunn ikkje hadde vilja plage folk med å forandre på. Ymse brev og notat som er prenta i Reidar Djupedals utgåve av Aasens brev og dagbøker, viser Aasens negative reaksjon. Blant anna støttar han heilt J. E. Rydqvist i hans kritikk i «Svenska språkets lagar» av Stockholms-vedtaka. Han forstår godt at ein så kunnig mann som Rydqvist måtte kjenne seg «myket fraastøytt ved denne sjølvtykkjelege Samanstøyping av tvau serskilde Maal (Svensk og Dansk), som kvart fyre seg hadde ein rik og fager Skatt av Skrifter fraa so mange gode Meisterar, som aldri hadde kjent seg brydde av nokon Vanskipnad i Skrivemaaten, og som helder ikkje hadde drøymt um, at ein skulde retta elder rengja på Skrifti deira, fyre kvar Gong ein skulde visa Prøvur av deim i ei Lesebok fyre Skulen. Det maatte difyre synast honom som ei 'sammansvärjing', at eit litet Lag av sjølvkallade Skulemeisterar skulde setja seg til aa giva nye Loger fyre Maalteikningi og umskapa det eine Maalet etter det andre, so snart som det ikkje høvde saman» (Brev og Dagbøker II, s. 306). – Det er som å høyre ein konservativ riksmålsmann eller nynorskmann kritisere våre dagars lesebøker!

Julius Gude, som hadde ferdig manuskriptet til ei landkunne på nynorsk, vende seg i 1882 til Aasen og slo frampå at Stockholms-vedtaka likså vel måtte kunne tillempast på nynorsk som på dansk-norsk – spesielt var han interessert i å sløyfe j etter g og k føre e, æ og ø, ein skrivemåte som han, med rette, meinte å finne støtte for i Aasens grammatikk. Men Aasens svar var heilt avvisande, særleg kritiserer Aasen reglane for skrivemåten av e-æ-lyden. Som Djupedal har gjort merksam på (Brev og Dagbøker II, s. 399), heldt Aasen sjølv fram med å skrive aa og store forbokstavar i substantiv og sette seg mot alle freistnader på å få han til å prente skriftene sine heilt eller delvis med latinsk skrift.

Da var A.O. Vinje, vår første store journalist og diktar, meir velvillig innstilt. Da Jakob Løkke i oktober 1869 hadde gjort greie for Stockholms-vedtaka på eit møte i Skandinavisk Selskab, skreiv Vinje i det vesle bladet sitt, Dølen, bl. a.:

«Tanken for dette Møte er god. Det vilde vera nyttigt, om desse tri nordiske Landsmaal (norsk, svensk og dansk) kunde bøygja og beinka seg etter kverandre, so Skilnaden i den utvordes Skrive- og Stavemaaten ikke var so stor.» ... «Men» – legg han åtvarande til – «ligg der nokon annan Tanke i dette skandinaviske Maalstræv en slik Lemping i den ytre Skrivemaaten, so kjem det ingen Veg; for kvert af desse Landsmaal maa veksa og vikla seg ut paa sin eigen Grunn …

All Motstand, svensk som dansk og norsk, mot vaart norske Maalstræv er derfor berre til at smila aat. Alt Sprell nyttar ikke meir en Hønseskaket i Hauketaket.» (Dølen 17. okt. 1869, nr. 29 s. 3–4.)

Her er nok den gode Vinje litt for overmodig. Men for å gjere ei lang historie kort: I den seinare gjennomføringa eller mangelen på gjennomføring av Stockholms-vedtaka har våre to norske skriftspråk i det store og heile halde følgje. Om rettskrivingsutviklinga og språkutviklinga elles må eg avgrense meg til heilt kort å ta opp att det som mange har peikt på før, at om enn norsk bokmål i dette tidsrommet har fjerna seg mykje frå dansk, så blir det frå nordisk synspunkt delvis oppvege av at det har nærma seg til svensk. Og fleirtalet av endringane i nynorsk har ført til større samsvar med bokmål og dermed også i regelen med dansk og til dels med svensk. Dette er eit resultat av vår språklege mellomstilling i Norden, og er ikkje noko vi har streva særskilt for. Vi har som kjent hatt meir enn nok med vårt eige norske og samnorske strev.

Våre språkproblem er kompliserte, og dei kompliserer også det nordiske samarbeidet. På den andre sida er det i begge våre skriftmål så mykje variasjon og valfridom, at det trass i alt er lettare for oss å ta nordiske omsyn. Og utan å gi oss av med sjølvros – det har vi ingen grunn til – så trur eg nok ein torer seie at inga norsk rettskrivingsreform har teke såpass mykje omsyn til nordisk språkfellesskap som det framlegget til ny læreboknormal som Norsk språknemnd la fram i 1957.

Det er vanskeleg på bakgrunn av utviklinga i dei hundre år som er gått sidan Stockholms-møtet, å måle den gjennomslagskraft som nordiske synsmåtar har hatt. Grunnen er at det både på Stockholms-møtet og seinare har blitt lagt vekt på slike reformer som også frå nasjonal og pedagogisk synstad har stått sterkt. Endatil når nordiske omsyn er særskilt nemnde, kan andre motiv ha vore utslagsgivande, og nordisk språkfellesskap berre vore eit tilleggsargument. Likevel er det grunn til å tru at nordiske omsyn har spela ei positiv rolle når det gjeld gjennomføringa av aa til å og av små forbokstavar – i dansk er det enda klarare tilfelle – og heilt opplagt har slike omsyn verka med til å stanse ei vidare norsk utvikling i retning av å sløyfe stumme konsonantar.

Skal vi vere nøkterne og realistiske – og det har vi all grunn til ved dette hundreårsjubileet – må vi vedgå at felles nordiske rettskrivingsreformer er ikkje det lettaste vi kan gi oss i kast med. Dei er vanskelege å bli forlikte om og vanskelege å få gjennomførte.

Nordiske synspunkt kan nok no som før – og no enda meir enn før – medverke til å hindre separatistiske endringar i eitt av språka, altså ein negativ verknad av nordisk språkrøkt. Vanskelegare er det å oppnå positive reformer i retning av større språkleg samsvar, større likskap.

Skal vi ha von om å oppnå resultat på dette området, bør vi nok gå varsamt fram, og som i 1869 i alt vesentleg avgrense oss til rein ortografi, eller enda meir innsnevra: til unødig ulikskap i ortografien. Dette er også Carl Sigfred Lindstams kloke standpunkt i hans ypparlege utgreiing om «Nordisk rättskrivning». Dette skriftet som fekk æra av å opne den agelege rekkja av skrifter som «Nämnden för svensk språkvård» har utgitt, hadde kanskje fortent ei grundigare drøfting enn det har fått. Det kom vel på sett og vis for tidleg – før det organiserte samarbeidet mellom nemndene var komme i gang.

I dag står vi i den situasjon at skriftbiletet blir alt vanskelegare å endre på. Og det spørst om ikkje det gamle skiljet mellom reint ortografiske endringar og reelle språkendringar er i ferd med å utviskast når det gjeld dei psykologiske og pedagogiske vilkåra for å få akseptert språklege inngrep. Eg nemner som eksempel at knapt noko av den nye normalen i 1959 førte inn i bokmålet, har ergra konservative riksmålsfolk slik som at h-en vart fjerna i (h)verken. Til jamføring nemner eg at i 1936 gjekk ein komité frå Riksmålsforbundet og Riksmålsvernet samrøystes inn for å konsekvent sløyfe h framfor v, altså også i (h)vad, (h)vem, (h)vilken osv.

At skriftebiletet spelar ein så stor rolle, er ei påminning om at ei viktig side ved arbeidet for å lette det språklege samkvemmet i Norden, er å auke kjennskapen til grannspråka. Det er også ein nødvendig føresetnad for positive reformer, t. d. i ortografi eller i typografi. Etter eit foredrag som eg heldt om nordisk språkrøkt på eit kurs for nordiske lektorar på Noregs lærarhøgskole i 1969, vart eg etterpå spurd om kva dei nordiske språknemndene gjer for å utbreie kjennskapen til språk og litteratur i grannelanda. Eg måtte svare som sant var, at vi hittil hadde konsentrert oss om reint språklege drøftingar. Men verken auditoriet eller eg sjølv var heilt nøgd med svaret. Og det spørst om ikkje arbeidet vårt har vore litt for einsidig og for lite utettervendt.

Til slutt vil eg i tilknyting til det eg byrja med, understreke at vi alltid bør gjere det mest mogleg klart for oss sjølve og for andre kva det er vi vil oppnå i arbeidet for nordisk språkfellesskap. Det trengst ei stadig og avbalansert vurdering av dei verdiar ein vil verne om nasjonalt og fellesnordisk. Større nordisk språkfellesskap er ei tvilsam vinning om det fører til at vi kvar for oss kjenner oss meir framande overfor våre eigne nasjonale språk.

Vår eineståande, men vanskeleg situasjon er at vi gjerne skulle ha både i pose og sekk; vi skal halde på den verdi vi har i nordisk språkfellesskap – utan å misse dei verdiar vi har i dei nasjonale særspråka.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:14.12.2004 | Oppdatert:14.01.2021