Rasmus Flo: Midlandsmål

OmslagR. Flo: Midlandsmaal etter framlegge fraa rettskrivingsnemndi i 1899 ved Arne Garborg.
Kristiania: Olaf Norlis Forlag 1906.


I 1898 sette Kyrkje- og undervisningsdepartementet ned ei rettskrivingsnemnd for landsmålet. Nemnda fekk tre medlemmer: folkehøgskulestyrar Marius Hægstad, Arne Garborg og Rasmus Flo, redaktør av det nye tidsskriftet Syn og Segn. Nemnda klarte ikkje å semjast om eit sams framlegg.

 

Flo og Garborg la fram ein normal som på viktige punkt braut med Ivar Aasen. Dei bygde på fjellbygdmåla på Austlandet, dei såkalla midlandsmåla, og normalen går difor under namnet midlandsnormalen. Framfor alt var det målet i Vest-Telemark, «folkevisemålet»,  som låg til grunn. Hægstad heldt på si side fast på Aasen-normalen med nokre tillempingar.

Etter å ha innhenta kommentarar frå andre fastsette departementet i 1901 at «Hægstadnormalen» skulle vere offisiell landsmålsrettskriving i skule og administrasjon, men elevar som ville, kunne nytte midlandsnormalen. Midlandsnormalen fekk ikkje mykje å seie, men Garborg brukte han i skriftene sine.

Skrive om Rasmus Flo

«Og prenterettar og maalrettar, den beste me hev havt, det var han sidan heilt til han døydde. Han var so grunnstød, so umtenkt, og so gløggsynt, so ein kunde lita paa det var ikkje fuskverk han fór med; han fekk til samhøve i alle former, og det er ingen som hev hjelpt so mykje til aa festa ei stød landsmaalsrettskriving, som Flo. Det var ein sjølvsagd ting, at han kom med i den fyrste rettskrivingsnemndi i 1898, og det var mest han som sette upp det framlegget den kom med. Men meir enn alle reglar og fyreskrifter sette det merke etter seg, alt det arbeidet han gjorde med aa vøla paa slikt som andre hadde skrive.»

(Halvdan Koht i Syn og Segn 1906, s. 134. Her sitert etter Kjell Venås: I Aasens fotefar. Marius Hægstad. Oslo: Novus forlag 1992, s. 298)

 

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter