Moltke Moe: Norsk og dansk sprogdrakt

OmslagNorsk og dansk sprogdrakt. Retskrivningssakens vei og tempo. Foredrag i Bymålslaget 31. mars 1906 av Moltke Moe. Kristiania. Det Mallingske Bogtrykkeri 1906


Om forfatteren

(Ingebret) Moltke Moe (1859–1913). Født i Krødsherad, sønn av Jørgen Moe. Folklorist. 1886 professor ved Universitetet i Kristiania i folkemål med plikt til å forelese i folkeminne. 1899 professor i folketradisjon og mellomalderlitteratur. Arbeidde for tilnærming mellom riksmål og landsmål og gav i den sammenheng blant annet ut «Retskrivning og folkedannelse» (1900), «Norsk og dansk sprogdrakt» (1906) og artikkelen «Nationalitet og kultur» (Samtiden 1909). Var en av mennene bak 1907-reformen.

Skrevet om Moltke Moe

«Han arbeidde ikkje berre med dei ulike greinene av folkeminnevitskapen, men også med mytologi og med mellomalderleg litteratur både på folkemåla og på latin. Dette ville med hans store arbeidskraft og fenomenalt gode minne ikkje ha vori nokor hindring i folkeminnegranskinga hans – tvert imot. Men vi har sétt at samstundes kasta han seg med stor ihuge over målspørsmålet, og den som har arbeidt med rettskriving veit for eit tid-øydande arbeid det er. Han gav ikkje berre dei store linjene i målspørsmålet, men var med å skaffa fram det tilfanget som turvtest til ei utforming i detalj. Han las igjennom store mengder av nyare norsk litteratur og laga tabellar over ordformer. Han drog på "oppdagingsferd" i kjellaren på Universitetsbiblioteket med det same føremålet. Trass i den store interessa han gjekk til slikt arbeid med, kjendest det trøyttande og keidsamt i lengda. Fleire av venene hans tykte at han her var på avvegar. Sophus Bugge skreiv ottefyllt til han og minte om Rasks lagnad: "Jeg vil bede Dem tænke paa den Kjendsgjerning, ... at Rask gik for tidlig i Graven af Græmmelse over Retskrivningssagen og at det, som han vilde gjennemføre med én Gang i Danmark, endnu ikke er gjennomført der." Men vi som har sétt kva framgang hans syn kom til å få, vil i alle fall ikkje seia at hans fornorskingsarbeid var spillt. Motsetningane i målstriden hadde vori sterkare, og bokmål og nynorsk hadde stadi lenger ifrå einannan i dag, om ikkje han hadde vori.»

(Frå Knut Liestøl: Moltke Moe. Oslo: H. Aschehoug & Co. (W. Nygaard) 1949, s. 150–151)

 

 

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:16.02.2005 | Oppdatert:14.01.2021