Marius Hægstad: Norsk Maallæra

TittelsideNorsk Maallæra elder Grammatik i Landsmaalet ved Kr. M. Hægstad, Skulestyrar. Namsos. Eiget Forlag. 1879


Skrive om boka

«Fyrste læreboka Hægstad gav ut, var Norsk maallæra elder Grammatik i Landsmaalet. Ho kom ut på eige forlag i Namsos i 1879. [– – –]  Framstellingsmåten åt Hægstad er beintfram og grei, døma velvalde, og som ein kan vente, ligg det solide faglege kunnskapar under, og dei er med og gjev ei tenleg og gjennomtenkt pedagogisk framstelling. Denne vesle boka var viktig som ein framskuv for landsmålet på eit nytt område, og det er dessutan sjølve området for tilværet åt eit mål, nemleg målet sjølv og rammene for det. Med denne boka kunne dei som ville, lære landsmål. Folk tok også boka i bruk, særleg var det vel ungdomen på folkehøgskular og etter kvart borna i folkeskulen som gjorde det.
    Som ein kan tenkje seg, sende Hægstad eit eksemplar av landsmålsgrammatikken til Ivar Aasen då boka var ferdig sommaren 1879, men han fekk inga helsing attende for det fyrste. I februar 1880 skreiv han til Aasen og bad om råd i eit normspørsmål for ei lesebok han emna på å gje ut då (Aasen 1957–60 II 348). Han nemnde med det same grammatikken, og fortalde at han var prenta i eit opplag på 1000, og helvta var alt seld. På det brevet svara Aasen (same verk s. 183), og han tok til med å orsaka seg for at han ikkje hadde skrive og takka for boka. Aasen tykte vel om boka, og var glad for at Hægstad hadde halde fast ved den landsmålsforma som Aasen og andre hadde halde på, medan mange andre hadde prøvt på avvikande former.»

(Frå Kjell Venås: I Aasens fotefar. Marius Hægstad. Oslo: Novus forlag 1991, side 276–280)

 

 

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter