Hægstadnormalen og midlandsnormalen

TittelsideFramlegg til skrivereglar for landsmaale i skularne. Fyrelagt det kongelige departement for kirke- og undervisningsvæsenet ved Marius Hægstad, Arne Garborg og R. Flo. Tillæg til univ. og skoleannaler. Kristiania. A. W. Brøggers bogtrykkeri 1899


Om skriftet

I 1898 sette Kyrkje- og undervisningsdepartementet ned ei rettskrivingsnemnd for landsmålet. Nemnda fekk tre medlemmer: folkehøgskulestyrar Marius Hægstad, Arne Garborg og Rasmus Flo, redaktør av det nye tidsskriftet Syn og Segn. Nemnda klarte ikkje å semjast om eit sams framlegg.

Flo og Garborg la fram ein normal som på viktige punkt braut med Ivar Aasen. Dei bygde på fjellbygdmåla på Austlandet, dei såkalla midlandsmåla, og normalen går difor under namnet midlandsnormalen. Hægstad heldt på si side fast på Aasen-normalen med nokre tillempingar.

Etter å ha innhenta kommentarar frå andre fastsette departementet i 1901 at «Hægstadnormalen» skulle vere offisiell landsmålsrettskriving i skule og administrasjon, men elevar som ville, kunne nytte midlandsnormalen.

Skrive om utgreiinga

 «I heile tilrådinga er det lagt for dagen svært god kjennskap til målføretilhøva. Dei blir utnytta og gjevne stor tyngd ved avveginga. Tyngd får også omsynet til samanheng og til det vene. Hægstad legg aller mest tyngd på tradisjonen. For Flo og Garborg tel det mykje at midlandsmåla ber i seg både formverk i samsvar med austnorsk og ordformer i samsvar med vestnorsk. Midlandsmåla er av dei norske målføra som kling venast, og dei har litterær hevd særleg gjennom folkevisene, og med det tradisjonen attende til gamalnorsk.

Som formann i nemnda sende Hægstad "ei utgreiding" til departementet med brev av 19.1.99. I brevet skreiv han at nemnda hadde hatt om lag 20 møte. Korkje han eller Garborg ville ha noko vederlag for arbeidet, men som sekretær hadde "hr. Flo havt mykjet arbeid med utgreidingi, og det synest rimelegt at han fær lika for tid og stræv".»

(Frå Kjell Venås: I Aasens fotefar. Marius Hægstad. Oslo: Novus forlag 1992, s. 302)

 

 

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter