H.E. Berner: Vakthaldet um det norske maalet. 1917

OmslagH.E. Berner: Vakthaldet um det norske maalet. Oslo 1917. Utgjeve av Studentmaallaget


Om forfattaren


Hagbard Emanuel Berner
(1839–1920). Fødd i Sunndal. Politikar og publisist. Cand.jur. 1863, statsrevisor 1871–98, stortingsrepresentant 1880–88, medlem av styret i Hypotekbanken 1884–99, borgarmeister i Kristiania 1892–1912. Fekk 1865 gullmedalje frå Universitetet for ei avhandling om dei framande kjeldene til Grunnlova. Var i ungdomen med i Døleringen rundt A.O. Vinje, skreiv i Henrik Krohns Ferdamannen og i Vinjes Dølen og var medarbeidar i Vort Land. Redaktør for det nyskipa Dagbladet 1869–79 og gjorde avisa til hovudorgan for Venstre. Var med og grunnla Det Norske Samlaget i 1868 og var formann til 1877. Skipa saman med Gina Krog Norsk Kvindesagsforening i 1884 og var den første leiaren for foreininga. Tok initiativ til Norsk Ligbrændingsforening i 1889 og var formann der i 20 år. I 1879 reiste Berner striden for det reine flagget og var med og starta dei første folkevæpningssamlaga i 1881. Var med i tiltalenemnda i riksrettssaka mot ministeriet Selmer i 1883. Dei siste leveåra tok han på nytt opp arbeidet med å skrive landsmål og skreiv om minne frå politikken i Syn og Segn.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter