47 spørsmaal og svar om sprogstriden (1909)

Forside47 spørsmaal og svar om sprogstriden. En saglig utredning ved to filologer.  [Leiv Heggstad og Didrik Arup Seip]. Tredie oplag. Kristiania. Olaf Norlis Forlag 1909.


Om forfatterne

Leiv Heggstad (1879–1954). Født i Namsos. Skolemann. Sønn av Kristofer Marius Hægstad. Styrte Voss private gymnas 1911–1916, overlærer Voss landsgymnas 1916–31, rektor Molde høyere skole 1931–45. Skreiv småskrifter og artikler i målstriden og gav bl.a. ut Norsk Grammatikk (større utg. 1931), Gamalnorsk ordbok (1931), Vossemålet (1933), Eventyr og segner på målføre frå alle kantar av landet (1950). Oversatte  Egils saga. Var den første formannen i Studentmållaget.

Didrik Arup Seip (1884–1963). Født i Hobøl. Språkforsker. Dr.philos. 1916. Professor i riksmål, seinere nordisk språkvitskap, ved Universitet i Oslo 1916–54. Medlem av rettskrivingskommisjonen av 1916, Norsk språknemnd 1952–55 og var den første formannen i nemnda. Var i yngre år med i Pønskarlaget (en liten, utvalgt krets av filologer ved Det Kgl. Fredriks, skipa i 1903, nedlagt i 1927, som hadde møter der landsmål var påbudt målform). Skreiv forskjellige studier i norsk språkhistorie i eldre og nyere tid. Gav sammen med F. Bull og H. Koht ut den vitskapelige utgava av Ibsens skrifter og sammen med H. Jæger ei fullstendig utgave av Wergeland. Rektor ved Universitetet i Oslo 1937–45 (avsatt av okkupasjonsmakta i 1941). Satt på Grini og blei sendt til Sachsenhausen. Opplevelsene under krigen har han skildra i boka Hjemme og i fiendeland.

Skrevet om Pønskarlaget og skriftet
«Saltet eller surdeigen i Studentmållaget var særgruppa "Pønskarlaget", ein merkeleg liten målskipnad. Medlemene var alle filologar, og talet aldri over tjue. Føremålet var å skriva vitskaplege oppgåver på nynorsk, som så vart opplesne og kritiserte på møta. I samværet skulle ein nytta berre nynorsk, og leggja to øre i mulkt dersom ein brukte eit dansk ord. Til dette stod det ei lita bøsse midt på bordet, og pengane skulle gå til øl; det var drikken den gongen òg. Men det vart svært lite øl. Mange gjekk i staden over til toddy; Didrik Arup Seip og eg, som var fråhaldsfolk, innførte 'skvip', ein alkoholfri sitrondrikk. [– – –]

Mannen som gjorde opptaket til Pønskarlaget i 1903, var stud. philol. J. Fr. Voss, seinare rektor i Volda og på Eidsvoll. Fyrste grunnstomnen var elles Leiv Heggstad, Severin Eskeland, Olav Skjerven, Albert Joleik og Peter Tennfjord. Ikkje lenge etter kom eg sjølv med, i lag med Knut Liestøl, Hans Kjæstad og Fr. Wexelsen. Vårt fyrste tiltak hadde beinveges praktisk sikte: eit lite hefte med spørsmål og svar om mål og målstrid. Tanken og innhaldet vart drøfta i nokre samkomer. Så førte Heggstad og Seip skriftet i pennen og greidde med å få gjeve det ut: "47 spørsmaal og svar om sprogstriden. En saglig utredning ved to filologer" (1909) – 16 sider med fint omslag. Seinare kom heftet utan omslag som flogskrift, i mange og store opplag.»

(Fra Olav Midttun: Livsminne. Oslo: Det Norske Samlaget 1971, side 64–66)

 

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter