Time kommune: Språkrettleiar og handbok i saksutgreiing

Ei ressursgruppe i Time kommune har utarbeidd ein språkrettleiar og handbok i saksutgreiing for å hjelpe saksbehandlarar i arbeidet.

Om språkrettleiaren:
Kommunen vår skal kommunisera på ein måte som er open, tydeleg og i dialog. Tekstane me skriv, skal vera lette å forstå. Språkprofilen skal gjera det lettare for deg å skriva klart, rett og forståeleg. Her finn du retningslinjer, gode råd og verktøy for å skriva betre. Me har også lagt ved ei oversikt over dei viktigaste bøyingsformene i nynorsk. Den kan vera god å støtta seg på.

Om handboka:
Handbok i saksutgreiing er eit verktøy for saksbehandlarar i kommunen vår. Ho skal bidra til å kvalitetssikra saksutgreiinga og språket slik at dei politiske sakene vert gode og forståelege. Handbok i saksutgreiing er ein del av arbeidet med klart språk i kommunen. Treng du råd om klart språk, finn du fleire i Språkrettleiaren.

Last ned heile handboka

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter