Nærings- og fiskeridepartementet: nynorskarbeid

No image

Nærings- og fiskeridepartementet (NFD) arbeider systematisk for å oppfylle kravet om minst 25 prosent nynorsk i den utoverretta verksemda si. Les meir om arbeidet her.

Etter ein artikkel av Bjarne Myrstad, Fiskeri- og kystdepartementet

Nærings- og fiskeridepartementet har sidan vinteren 2007 (då FKD) samarbeidd med Språkrådet om klarspråksarbeid og nynorskarbeid. Vi vil ha betre og klarare språk i den utoverretta verksemda vår og kravet om minst 25 prosent nynorsk i denne verksemda skal oppfyllast.

Departementsråden slo i starten fast at språkrøkt og oppfylling av mållova er eit leiaransvar. Vedtak i leiarmøtet i viktige språkspørsmål forpliktar og engasjerer alle avdelingane.

I to omgangar dei siste åra har vi køyrd ein serie avdelingsvise kortseminar (2-3 timar) i klarspråk med obligatorisk deltaking. Det er representantar frå Språkrådet som held kursa, og dei tek utgangspunkt i avdelingane sine eigne tekstar. Det har vist seg at dette skaper interesse, humor og læring.

Vi tek også i bruk systematisk språkrøkt i store og viktige dokument og i saker på nett. Vi har gjort det med ei rekkje stortingsmeldingar og med budsjettproposisjonane. Her er det ofte mange forfattarar og mange språkstilar som gjer stoffet ekstra vanskeleg tilgjengeleg. Det gjeld å få ei eins form og ha konsekvens i rettskrivinga.

Som vi veit, fastset mållova at statsorgana skal ha minst 25 prosent nynorsk i all utoverretta verksemd. I NFD har vi ordna det slik at leiarmøtet i starten av året avgjer kva for stortingsdokument som dette året skal skrivast på nynorsk og bokmål. I tillegg har kvar avdeling eit sjølvstendig ansvar for at minst 25 prosent av høyringsnotata frå avdelinga er på nynorsk. Pressemeldingar og andre nyheiter på nett vert tilpassa nynorskkravet under vegs.

Medarbeidaren som har språkrøkt som ein del av arbeidsoppgåva, følgjer opp nynorskbruken på dei ulike felta gjennom året og rapporterer to gonger til leiarmøtet, halvårsrapport i juni og årsrapport i januar.

Vi har gjennomført todagars nynorskkurs i ei årrekkje. Det er blitt lettare for medarbeidarane å ta fri frå det vanlege arbeidet og gå på kurs etter at vi innførde ei ordning der ekspedisjonssjefane og avdelingsdirektørane vurderer behovet i avdelingane og sørgjer for ønska deltaking.

Klarspråkkurs og nynorskkurs inngår no i opplegget vi lagar for nytilsette i departementet. I vår skipar vi i samarbeid med språktenesta til eige klarspråkkurs for alle som har kome til departementet etter den siste runden med klarspråkurs i avdelingane. Om eit år blir det ny runde med avdelingsvise kurs.

Eg kan også nemne at NFD stiller krav i tildelingsbreva til etatane både når det gjeld klarspråkarbeid og nynorskbruk.

Les meir om språkarbeidet i NFD her

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter