Lotteri- og stiftelsestilsynet: språkprofil

Lotteri- og stiftelsestilsynet har sett seg eit ambisiøst mål med sitt klarspråksprosjekt: Alt dei skriv, skal bli forstått på første forsøk. 

Artikkelen er skriven av Lotteri- og stiftelsestilsynet.

Det er få statlege direktorat/tilsyn som har breiare kontakt med den frivillige sektoren enn Lotteri- og stiftelsestilsynet.

Lotteritilsynet er tilsyns- og forvaltingsorgan for mellom anna 5000 frivillige lag og organisasjonar som er lotteriverdige.

  • Stiftelsestilsynet er tilsyns-  og forvaltingsorgan for 8000 små og store norske stiftelsar.
  • Lotteri- og stiftelsestilsynet forvaltar ordninga der tusenvis av frivillige lag og organisasjonar får kompensasjon for momsutgifter.

Vi kommuniserer såleis dagleg med alt frå skarpskodde forretningsadvokatar til tillitsvalde i små og store lag og foreiningar. Behovet for at alle tilsette skriv klart og tydeleg er difor openbert.

Språkkurs for alle

Inspirert av prosjektet «Klart språk i staten», og med støtte frå Direktoratet for forvaltning og IKT, gjennomførte Lotteri- og stiftelsestilsynet sitt eige klarspråksprosjekt første halvår i 2011. Vi starta med eit språkkurs for alle tilsette. Kurset var lagt opp slik at det skulle motivere alle til å ta i bruk vår eigen språkprofil når han var klar.

Arbeidet med språkprofilen var organisert i ei prosjektgruppe. Her var alle fagavdelingar og stabs- og støttefunksjonane representerte. På den måten forankra vi arbeidet med språkprofilen i heile organisasjonen.

Nye nettsider med betre språk

Vår nye språkprofil vart teken i bruk etter sommarferien 2011. Samstundes introduserte vi nye og moderne nettsider der språket er kvalitetssikra i tråd med språkprofilen. Det var eit arbeid som raskt førte til store forbetringar i språket på nettsidene.

Ein god del av sakshandsaminga i Lotteri- og stiftelsestilsynet skjer i standardiserte brevmalar. Full gjennomgang av språket i alle desse malane har difor vore ein svært viktig del av klarspråksprosjektet. Stiftelsestilsynet har åleine 48 brevmalar, Lotteritilsynet 20 og momsteamet 12.  Alle desse malane må vere tilgjengelege på begge skriftspråk.

Eigen klarspråksplakat

Dessutan har vi spissa innhaldet i språkprofilen til ein eigen klarspråksplakat. Den kallar vi «10 gode råd som fører til klart språk». Plakaten skal vere ei lett tilgjengeleg påminning om kor viktig det er at vi dagleg jobbar med å skrive klarare.

Arbeidet i Lotteri- og stiftelsestilsynet er organisert i team. For å sikre at språkprofilen aktivt blir brukt, har kvart team fått sin eigen superbrukar. Saman med kommunikasjonsavdelinga er superbrukarane ansvarlege for at klarspråk blir tema i det daglege arbeidet.

Les meir om Lotteri- og stiftelsestilsynet på www.lottstift.no

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter