Fylkesmennene: kartlegging

(9.10.09) Prosjekt Godt språk hos Fylkesmannen og klarspråksprosjektet til regjeringa «oppleves utelukkende som positivt, nødvendig, viktig og relevant» av fylkesmennene. Det går fram av rapporten om språkrutinar og språkhaldningar i embeta frå Opinion AS.

Stor oppslutning

Opinion AS har spurt embetsleiinga og leiarane på avdelingsnivå om korleis dei arbeider med å kvalitetssikre språket i eigne rekkjer. Det var 75 % oppslutning om den elektroniske spørjeundersøkinga, og alle embeta var med på ein intervjurunde. Rapporten frå undersøkinga blir publisert på FM-nett etter fylkesmannsmøtet 13.–14. oktober. Krav til offentleg innsyn (offentleglova), eit samfunn tilgjengeleg for alle (universell utforming) og eit opplyst offentleg ordskifte (grunnlova) gjer kvalitetssikringa av språket til noko av det viktigaste for rettstryggleiken. Det Fylkesmennene skriv, blir gjenbrukt i pressa, i kommunale vedtak, i nettartiklar og i rapportar langt utanfor eige embete. Difor vil fylkesmennene no gå i bresjen for å utvikle eit korrekt og tilgjengeleg språk, slik innbyggjarane ynskjer seg og har krav på.

Fagleg korrekt eller lett å forstå?

Undersøkinga, som er gjennomført i mars-april 2009, viser at leiarane i fylkesmannsembeta er personleg opptekne av og meiner det er viktig å syte for at språket er korrekt og godt. Det sterke kravet til å vere presis og fagleg korrekt ser likevel ut til å kunne stå i vegen for å gjere språket meir tilgjengeleg. Tradisjon og fagidentitet, ikkje ressursmangel, er dei viktigaste barrierane mot å bruke eit enkelt og tydeleg språk. Den store utfordringa, som mange peiker på, er den sterke juridiske tradisjonen som pregar vesentlege delar av embetsverket. Det er ei stor utfordring å sikre den faglege kvaliteten i eit allment forståeleg språk.

Tiltak

Fylkesmennene vil på grunnlag av funna i undersøkinga innarbeide enkle rutinar og konkrete tiltak for å gjere det lettare for dei tilsette å skrive eit korrekt og mottakartilpassa språk i brev, rapportar og på nettet. I løpet av hausten vil prosjektet ”Godt språk hos Fylkesmannen” lage framlegg til tips, sjekklister og ein språkstrategi som dei fylkesmennene som ynskjer det, kan ta i bruk. Dette vil bli drøfta på fylkesmannsmøtet i oktober. Fylkesmann Kirsti Kolle Grøndahl er leiar for styringsgruppa. Margrethe Kvarenes er kontakt i Språkrådet. Grete Riise hjå Fylkesmannen i Hordaland er prosjektleiar.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter