Fylkesmannen i Rogaland: kommunesamarbeid

Fleire kommunar i Rogaland arbeider med klarspråk. Nokre få kommunar er komne langt og har laga eigen språkprofil eller utarbeidd prosjektplanar. Andre treng eller ønskjer draghjelp frå andre. Slik hjelp får dei no, gjennom prosjektet «Klarspråk i Rogaland 2012».

Målet med prosjektet er å bidra til at kommunane og fylkeskommunen set klarspråk på agendaen, set i gang eigne språkforbetringstiltak eller styrkjer tiltak dei alt har sett i gang.

Eit godt og klart språk vil komme den enkelte innbyggjar til gode. Klarspråk set brukaren i sentrum, gir ein meir effektiv forvaltning av offentlige kroner og fremjar demokrati og rettstryggleik. Meir bevisst arbeid med språk og struktur i saksdokument er viktig for å sikre forståing og medverknad hos innbyggarane. I tillegg ser mange kommunar at det er viktig for lokaldemokratiet at språket i saker som skal behandlast politisk er klart og eintydig og at sakene er bygd opp logisk og forståeleg.

Prosjektet Klarspråk i Rogaland 2012 består av to tiltak:

  1. Ein felles inspirasjonsdag for kommunane
  2. Ein felles mal for språkrettleiar eller språkprofil som kommunen kan utvikle og tilpasse til eige bruk, samt ein Power Point-presentasjon med 10 gode råd som kommunane kan bruke fritt i eiga verksemd

- Fekk eg ja eller fekk eg nei?

Klarspråk handlar mykje om å vere medviten om kva språket betyr i dialogen mellom det offentlege og brukarane av tenestene. Val av ord, form og tone i eit brev eller vedtak har mykje å seie for korleis ein oppfattar både avsendaren og bodskapen. I verste fall kan uklart språk føre til at mottakaren ikkje skjøner kva som står i brevet. Blei det ja, eller blei det nei. Synleggjering og bevisstgjering av korleis språket blir oppfatta er derfor heilt naudsynt.

Pilotprosjekt med smittepotensial

Mange statlege etatar har fokus på klarspråk og nyt godt av støtte og prosjektmiddel frå det offentlege. Så langt vi kjenner til, er det ikkje sett i gang regionale tiltak av typen Klarspråk i Rogaland 2012 der Fylkesmannen, fylkeskommunen og kommunane i samarbeid tar tak i det offentlege språket.

Godt språk er smittsamt. Gode tekster frå det offentlege blir gjengjeve på offentlege nettstader, i pressa og i nye saksdokument. Eit slikt felles prosjekt kan også vere med på å byggje bru mellom dei ulike forvaltningsnivåa og bidra til å betre det samla omdømmet til det offentlege. Og ikkje minst kan prosjektet vere til inspirasjon for andre fylke.

Felles fagnettverk for kommunikasjonsarbeidarar

Ideen om eit felles klarspråksprosjekt har vakse fram i Kommunalt informasjonsforum Rogaland, eit fagnettverk beståande av kommunikasjonsarbeidarar frå kommunane, fylkeskommunen og Fylkesmannen i Rogaland. Prosjektet er støtta av «Klart språk i staten».

Prosjektgruppe

Prosjektgruppa som har drive arbeidet med Klarspråk i Rogaland 2012, består av

  • Elin Wetås de Jara, kommunikasjonssjef i Time kommune
  • Marianne Jørgensen, kommunikasjonssjef i Sandnes kommune
  • Eivind Jahren, kommunikasjonsrådgivar i Karmøy kommune
  • Kristin Høie Walstad, kommunikasjonsrådgivar i Stavanger kommune
  • Kristin Dybdal Holthe, kommunikasjonssjef hos Fylkesmannen i Rogaland

«Klart språk i staten»>

Fornyings-, administrasjons- og kyrkjedepartementet (FAD) ønskjer å oppmuntre statsorgan til å gjere ein ekstra innsats for å forbetre språket i tekstar til publikum. Departementet er ansvarleg for prosjektet «Klart språk i staten» som er eit samarbeid mellom Direktoratet for forvaltning og IKT (DIFI) og Språkrådet. I fleire år har prosjektet gitt støtte i form av prosjektmidlar, kurs på arbeidsplassen og fagleg rådgjeving til ei rekkje statsorgan. Også prosjektet Klarspråk i Rogaland 2012 har fått støtte som pilot slik at det har vore gratis for kommunane å delta.

Om Kommunalt informasjonsforum Rogaland

Informasjonsnettverket Kommunalt informasjonsforum Rogaland (KiR) består av kommunikasjonsarbeidarar i kommunane, Rogaland fylkeskommune og Fylkesmannen i Rogaland. Dette nettverket støtter opp om og bidrar i dette arbeidet.

Kristin Dybdal Holthe, Fylkesmannen i Rogaland

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter