Barneombodet: informasjonsfilmar

I 2012 produserte Barneombodet 42 små filmar som forklarar artiklane i FNs konvensjon om barnerettane (barnekonvensjonen) på ein enkel måte. Filmane ligg på YouTube.

Etter ein rapport skriven av Barneombodet

Her finn du barnekonvensjonen i klarspråk.

Filmane viser korleis ein kan gjere konvensjonstekstar meir forståelege for ei større gruppe, også barn.

Forenklinga av barnekonvensjonen er eitt av fleire klarspråkstiltak som ombodet har gjennomført dei siste åra, nokre med støtte frå prosjektet «Klart språk i staten»:

I 2011 var heile kontoret på todagars klarspråkskurs. Barneombodet fortel at kurset var vart ein augeopnar for mange, og at det har hatt ein tydeleg effekt på tekstane som sakshandsamarane skriv.

Barneombodet har òg laga språkplakaten Klart språk hos Barneombudet, som er presentert for alle tilsette, og som no heng på alle kontor. Plakaten inneheld 25 konkrete skriveråd som skal hjelpe skribentane med å forenkle språket så mykje som mogleg utan at bodskapen i teksten forsvinn. Du finn språkplakaten i høgremenyen.

Språkarbeidet held fram i 2013. Då får Barneombodet heilt nye, klarspråklege nettsider. Ein del av dei vanskelegaste tekstane som ligg på nettsida, skal bytast ut, og nye tekstar skal skrivast i klart språk.

På eit seminar om nynorsk i staten som Språkrådet arrangerte i mai 2013, fortalde Barneombodet at klarspråkstiltaka deira òg har bana veg for godt nynorskarbeid dei siste åra.

Les om nynorskarbeidet til Barneombodet i Statsspråk 1-2015.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter