Barne-, ungdoms- og familieetaten

Barne-, ungdoms- og familieetaten (Bufetat) har laga språklege retningsliner for nettstaden sin. Målet er at språket på Bufetat.no skal bli klart, godt og brukarvenleg.

Artikkelen er skriven av Audun Rundberg, Bufetat.

Om arbeidet

Retningslinene er laga av Arkitekst saman med ei arbeidsgruppe med deltakarar frå ulike delar av etaten. Dei inneheld døme på godt og dårleg språk henta frå nettsida vår.

Arkitekst gjekk gjennom ulike delar av nettsida og leita fram relevante eksempel på godt og dårleg språk. Det var viktig for oss å finne eksempel frå dei mange ulike oppgåvene Bufetat har. Arkitekst har samla eksempla i ulike retningsliner for klart og korrekt språk. Her er eit utval:

  • Vi brukar ord og uttrykk lesarane kan forstå.
  • Bruk verb og unngå tunge substantiv.
  • Vi brukar fleire aktive formuleringar enn passive.
  • Sett verbet tidleg i setninga.
  • Bruk Bufetat og vi.
  • Vi vekslar mellom korte og lengre setningar.

Slik skal retningslinene brukast

Retningslinene har blitt innarbeidd i eksisterande kursmateriell og er no ein del av opplæringa av dei som skal publisere på nett.

Retningslinene vil også bli ein del av det ordinære arbeidet med innhaldet på Bufetat.no. Slik ser vi for oss prosessen:

  1. Dei som har ansvar for innhald på eit aktuelt fagområde, gjer seg kjent med dei språklege retningslinene.
  2. Vi les gjennom dei aktuelle artiklane og finn dei vanlegaste språklege feilane for det aktuelle temaet.
  3. Vi rettar opp dei mest vanlege feilane.

Slik vil vi forbetre språket i fleire omgangar og unngå å introdusere nye feil fordi vi ikkje skriv om tekstane totalt kvar gong.

Retningslinene er relevante også for tekstar som ikkje ligg på nett, og vi vil gjerne bruke dei til å forbetre til dømes skjema og brev som etaten produserer.

Døme frå retningslinene

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter