1 Organiser deg til suksess

Det er naudsynt å etablere ein prosjektstruktur, fordele ansvar og samarbeide på tvers i organisasjonen for å lukkast med eit språkforbetringsprosjekt. Mange verksemder har erfart at det er verdifullt å få eit mandat frå leiinga før ein tek til med arbeidet. På den måten får prosjektet tydelege rammer heilt frå starten av.

[Teksten på bokmål]

Set saman ei prosjektgruppe med riktige og viktige medspelarar som kan arbeide saman for å gjennomføre tiltaka og hjelpe kvarandre med å dra lasset. Eldsjeler på arbeidsplassen er ein viktig ressurs, men pass også på å setje arbeidet inn i faste strukturar så det blir personuavhengig. Ved å setje saman ei prosjektgruppe med ulike interne ressursar byggjer de kompetanse på tvers av avdelingane og styrkjer samarbeidet og kommunikasjonen internt.

Her er nokre medarbeidarar du bør vurdere å trekkje inn i ei prosjektgruppe:

  • kommunikasjonsmedarbeidarar med ansvar for språk og formidling
  • juristar med ansvar for vedtak og juridiske tekstar
  • representantar frå fagavdelingane som arbeider med ulike teksttypar til dagleg
  • medarbeidarar med interesse for og kunnskap om språk
  • IKT-medarbeidarar som kan endre og tilpasse sakshandsamingssystem og brev- og skjemamalar
  • folk i telefon- og fyrstelinjetenestene (kundesenter o.l.) som veit kvar skoen trykkjer
  • andre nøkkelpersonar som kan medverke i prosjektet

I tillegg til ei prosjektgruppe kan det vere nyttig ha ei ressursgruppe som kan gje råd, innspel og impulsar undervegs i arbeidet. Ressursgruppa treng ikkje å vere involvert i det daglege arbeidet, men kan samlast ved milestolpane for prosjektet eller dersom prosjektgruppa treng innspel og motivasjon. Set saman ressursgruppa av folk som er interesserte og positive, gjerne nokre med kompetanse og røynsle som supplerer det som finst hjå medlemene av prosjektgruppa.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter