Lytt til brukarane

Kva opplever brukarane som vanskeleg språk? Reagerer dei på ord og uttrykk eller på tonen og strukturen i breva dykkar?

[Teksten på bokmål]

For å finne ut om verksemda kommuniserer godt nok, må du lytte til dei som tek imot tenester og informasjon frå verksemda. Fyrstelinjetenesta i organisasjonen har verdifull kunnskap om korleis brukarane opplever dette. Brukarundersøkingar, brukartestar eller fokusgruppetestar kan gje deg attendemeldingar på om språket de bruker, er klart og godt nok, og vil samstundes fortelje deg kvar du må gripe fatt.

Når du har laget utkast til nye, forbetra standardbrev eller skjema, bør du trekkje inn brukarar og be dei vurdere dei nye tekstane. Brukartesting vil gje deg nye synspunkt på dei tenestene og den informasjonen de tilbyr. Ver open for å teste nye versjonar så mange gonger som naudsynt, heilt til du har ein tekst brukarane er nøgde med. Då sikrar du både at prosessen blir lærerik og produktet godt.

Somme hentar inn hjelp frå eksterne språkbyrå for å gå igjennom og analysere språkbruken i verksemda og kva utfordringane er. Det kan vere nyttig å få utanforståande sitt blikk på dei interne utfordringane i verksemda, og språkekspertar kan gje verdifulle innspel til arbeidet.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter