9 Lag språkmateriell og hold kurs

For å skape kulturendringar treng ein konkret og handfast materiell, som retningslinjer for brev eller nettsider og interne språkrettleiingar, ofte kalla språkprofilar.

[Teksten på bokmål]

Ein språkprofil kan vere alt frå ei kort stikkordliste med tips og skrivereglar til ein omfattande trykksak som omtalar rettskriving, sjangerspråk osv. Språkprofilar i det offentlege avklarer ofte korleis relevante lover, institusjonar og sektoromgrep skal omtalast. Mange lagar også termlister som ein del av språkprofilen, med oversikt over terminologi som er relevant for verksemda deira.

Her på nettstaden finn du  skrivehjelp, Sjekkliste for skribentar og mange døme på språkprofilar.

I staden for å lage ein ny språkprofil frå grunnen av kan kvar enkelt verksemd klippe og lime frå andre sine profilar og frå tips som er lagde ut på nettstaden, og utvikle sin eigen språkprofil på den måten. Det er hyggeleg om du krediterer verksemda du hentar stoff frå.

Hald språkkurs med utgangspunkt i dykkar eigne språklege utfordringar og dykkar interne språkmateriell, som profilar og termlister. Det kan løne seg å gjennomføre temakurs slik at ulike medarbeidarar kan finne dei kursa som er mest relevante for dei.

Temakurs kan til dømes ta for seg

  • skriving for nettet
  • lovspråk og regelformidling
  • klarspråk og nynorsk
  • brev- og vedtaksskriving
  • forskingsformidling
  • språket i sjølvbeteningsløysingar og i nettskjema

Arranger gjerne eigne språkkurs for leiarar, sidan dei har eit særleg ansvar for å følgje opp språkarbeidet.

E-læringskurs var løysinga for Utlendingsdirektoratet (UDI) då direktoratet skulle velje kurstype for gamle og nye medarbeidarar. E-læringskurs har ein investeringskostnad, men gjev låge kostnader på sikt sidan tilsette kan ta kurset ved si eiga datamaskin, når det høver for dei. Under Lær av andre finn du artiklar om kurset til UDI og andre e-læringskurs i klarspråk.

Det er viktig at den enkelte opplever at det blir enklare og meir tilfredsstillande å skrive klart og mottakarvenleg. Då kan det vere lurt å opprette språkstøtte på intranettet, der medarbeidarar kan sende inn språkspørsmål og raskt få svar. Godt synlege lenkjer til nettbaserte ordlister, til synonymordbøker og til andre nyttige verktøy på www.klarspråk.no kan også vere til hjelp for den enkelte. Intern erfaringsdeling på bloggar og diskusjonsforum kan eigne seg på nokre arbeidsplassar.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter