3 Hugs å forankre prosjektet hjå både topp- og mellomleiarar

Skal du skape oppslutning om klarspråksprosjektet, er det avgjerande at leiinga engasjerer seg og involverer seg i språkarbeidet. Mange verksemder har gode røynsler med at direktøren sjølv viser engasjement for språkarbeidet og skaper blest om det på allmøte, på intranettet og på andre møteplassar.

[Teksten på bokmål]

Å stille resultatkrav til leiarar medverkar til å setje språk på dagsordenen og er eit effektivt verkemiddel for å få heile organisasjonen i gang med språkarbeid.

Mellomleiarane sit på mange av dei verkemidla du treng for å lukkast med språkprosjektet. I arbeidskvardagen er det ofte dei som avgjer prioriteringane, rettleier medarbeidarane og gjev klapp på skuldra for godt utført arbeid. Skal du skape ein kultur for klarspråk, er det viktig at mellomleiarane forstår kor viktig språkarbeid er og motiverer og løner innsatsen til den enkelte. Trekk inn mellomleiarane i prosjektet frå starten av og ver medviten om kva rolle dei skal ha, når du planlegg ulike språkforbetringstiltak.

Resultatkrav til leiarar kan til dømes vere

  • at eit visst tal medarbeidarar har vore på klarspråkskurs
  • at eit visst tal brev, skjema eller nettekstar er forbetra
  • at det er teke eit visst tal språkinitiativ
  • at språk er fast tema i medarbeidarsamtalar
  • at språk er fast tema på avdelingsmøte og leiarmøte

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter