7 Bruk både gulrot og pisk

Det finst også litt røffare former for humor som kan nyttast i kampen for eit klarare språk. Mange arbeidsplassar har interne «språkgiljotinar» eller milde «gapestokkar» på intranettet eller som oppslag i heis og kantine.

[Teksten på bokmål]

Denne nettstaden har to slike «gapestokkar»: I Alarm-spalta legg ein språkblødmer frå arbeid og daglegliv ut som skrekkdøme til offentleg framsyning, og i spalta Tåkeprat publiserer ein uklare formuleringar frå offentleg sektor:

«Inndragning hvoretter vinning som er oppnådd ved en straffbar handling helt eller delvis kan inndras hos den som vinningen er tilfalt.»
Uttalelse fra påtalemyndighetene.

Eksempla vert anonymiserte før vi legg dei ut. Slike «gapestokkar»  som dette må sjølvsagt brukast med kløkt og omtanke. Det er lite å vinne på å henge ut enkeltmedarbeidarar framfor heile arbeidsstokken. Men greier du å gå fram med eit glimt i auget, kan eksempelets makt vere stor.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter