«Årets trekkhund» 2018

Utmerkinga «Årets trekkhund» går til ein person som har gjort ein spesiell innsats i klarspråksarbeidet i stat eller kommune. Det er femte gongen denne utmerkinga blir delt ut.

Med utmerkinga «Årets trekkhund» heidrar vi ildsjelane i klarspråksarbeidet. Ein slik «trekkhund» utmerkar seg ved å motivere andre eller vera pådrivar for eit systematisk klarspråksarbeid.

«Årets trekkhund» 2018 er Connie Slettan Olsen i Meløy kommune.

Grunngjevinga til juryen

Årets trekkhund har eit smittande engasjement og får med seg andre gjennom bruk av humor og framsnakking. Med enorm kapasitet har ho oppnådd mykje utan eit stort nettverk rundt seg. Ho har jobba breitt og sett i verk gode faglege tiltak. Eitt av prosjekta hennar som andre kommunar kan dra nytte av, er arbeidet med å finne gode namn til ulike kommunale titlar og einingar.

Kvar månad har ho arrangert skriveverkstader, og ho har sjølv stått bak språkarbeidet i kommunen. Ho har utarbeidd både språkprofil og kommunikasjonsplan for kommunen, og endra oppbygginga av budsjettdokumenta. Ho har delt erfaringar, henta inn kunnskap og bygd godt samarbeid med andre fagfolk.

Årets trekkhund dreg med seg eigne kollegaer, men ho trekkjer også med seg andre utanfor eigen organisasjon. Juryen meiner det er ekstra gledeleg at kandidaten kjem frå Nord-Noreg, og håpar ho kan vera til inspirasjon for andre eldsjeler i landsdelen.

Utmerkinga «Årets trekkhund 2018» går til Connie Slettan Olsen i Meløy kommune.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter