Temaprisen 2017: godt språk i helse- og omsorgstekstar

Temaprisen for 2017 – for godt språk i helse- og omsorgstekstar – gjekk til Helse- og omsorgsdepartementet for forskrifta om pasientbetaling for poliklinisk helsehjelp i spesialisthelsetenesta.

Grunngjevinga til juryen

 «Årets kandidatar til temaprisen held eit svært høgt nivå, og konkurransen var jamn. Vinnarteksten vart vald mellom anna fordi kandidaten har arbeidd med ein teksttype juryen meiner er særleg viktig, nemleg forskrifter. Mange forskrifter er formulerte i eit unødig komplisert språk, og dermed kan dei framstå som uforståelege for folk flest.

Ei klart formulert og språkleg lett tilgjengeleg forskrift er ikkje berre eit gode i seg sjølv. I eit samfunnsperspektiv er arbeidet med lover og forskrifter viktig for rettstryggleiken, fordi desse tekstane inneheld informasjon om rettar og plikter, og fordi dei påverkar mange andre tekstar. Ei godt formulert forskrift gjer det enklare for byråkratiet å bruke som grunnlag for oppsummeringstekstar og vedtak. Ei godt formulert forskrift sparer dessutan ressursar for forvaltninga, noko som til sjuande og sist også kjem brukarane til gode.

Vinnarteksten er eit føredøme for andre, og juryen meiner at teksten kan bli et nyttig verktøy for mange. Han er skriven i eit godt og presist språk, og han er strukturert og tydeleg.

Temaprisen går til Helse- og omsorgsdepartementet for forskrift om pasientbetaling for poliklinisk helsehjelp i spesialisthelsetenesta». 

Les forskrift om betaling frå pasientar for poliklinisk helsehjelp i spesialisthelsetenesta

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter