Grunngjeving 2016

Det er åttande gong Kommunal- og moderniseringsdepartementet deler ut denne prisen. Også i år var det fleire gode kandidatar, og det var spesielt tre direktorat som imponerte juryen:  Sjøfartsdirektoratet, Skattedirektoratet og Utdanningsdirektoratet.

Den største utfordringa i klarspråksarbeid er å presentere komplisert stoff på ein enkel måte. Her står vinnaren fram som eit føredøme for andre. Vinnaren dokumenterer eit formidabelt arbeid som er langsiktig, systematisk og velorganisert. Det kjem klart og tydeleg fram kvifor klarspråk har en sentral plass i alt vinnaren gjer, og brukartestinga og effektmålinga viser at klarspråkstiltaka har hatt god effekt. Juryen er begeistra over at språk har fått ein så naturleg plass i utviklingsprosessane Arbeidet vinnaren har gjort, er synleg og merkbart for dei fleste innbyggjarane og arbeidsgjevarane i landet.

Klarspråksprisen for staten går til skatteetaten ved Skattedirektoratet.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter