Grunngjeving 2013

«Utdelinga av statens klarspråkspris er ein del av det arbeidet Kommunal- og moderniseringsdepartementet gjer for å fremje og styrkje arbeidet med klart språk i staten. Alle statlege forvaltningsorgan og helseføretak som har gjort ein ekstraordinær innsats med å gjere tekstar på papir og på nett lesarvennlege og forståelege for mottakarane, kan vere kandidatar til å få prisen.

I juryen for klarspråksprisen sit Kjell Lars Berge (leiar), Gunn Ovesen, Ola Breivega og Ragnfrid Trohaug.

I år er det femte gongen prisen blir delt ut. Konkurransen i 2009, 2010, 2011 og 2012 har vore skarp. Juryen har notert seg ein generell framgang på desse åra, og jurymedlemene har samla seg erfaring slik at dei kjenner att eit ekstraordinært klarspråksarbeid når dei ser det. I år var berre éin kandidat nominert til klarspråksprisen, og juryen har vurdert kandidaten på eige grunnlag.

Bokmålstekstane som juryen har vurdert, dokumenterer at kandidaten har arbeidd systematisk og godt med språkforbetring. Juryen merkar seg at kandidaten har gjort eit særleg grundig arbeid med dei språklege retningslinene sine. I retningslinene er det understreka at klarspråksarbeid er eit demokratiprosjekt, og at staten må ta ansvar for at kommunikasjonen med innbyggjarane fungerer.

Dei språklege retningslinene inneheld skriveråd for alle sjangrar som kandidaten produserer, og kandidaten har knytt klarspråk til retorikken på ein overtydande måte. Slik er det tenkt heilskapleg om skribentrolla og tekstane som skal ut. Av det juryen veit, er kandidaten den første som har laga så grundige og heilskaplege retningsliner for dette forvaltningsnivået. Språkarbeidet til kandidaten er difor viktig nybrottsarbeid.

Alle som har halde på med klarspråksarbeid, veit at det kan ta lang tid å få til endringar. Kandidaten har gjennomført undersøkingar som mellom anna dokumenterer at det står att ein del språkarbeid. Det vil alltid vere språkarbeid å ta fatt på, og ved å stå for dei funna i undersøkinga som viser at det er manglar, syner kandidaten god vilje til å gjere noko med manglane.

Dei språklege retningslinene inneheld rettleiing om målbruk, og ein har veksla mellom målformene. Språkbruken i retningslinene er jamt over god. Så språkkunna og medvitet om at sentrale statsorgan skal veksle mellom dei to målformene våre, er tydeleg til stades. Men nynorskteksten juryen fekk til vurdering, vitnar diverre om at kandidaten har eit stykke att før nynorsken blir god. Juryen registrerer at dette ser ut til å vere stoda i svært mange statsorgan, og nyttar høvet til å uttrykkje stor uro for kvaliteten på nynorsktekstar i staten. Det å kunne lese gode tekstar på eiga målform er òg i aller høgste grad ei demokratisak! Det er på tide at staten tek dette på alvor.

I den samla vurderinga legg juryen likevel vekt på at kandidaten har oppnådd særs gode resultat. Resultata syner seg i bokmålstekstane, i dei grundige retningslinene, i ei internundersøking om klarspråksarbeid og i ei undersøking av korleis mottakarar forstår dokumenta. I arbeidet med tekstane har kandidaten teke i bruk utradisjonelle metodar og skapt god dialog mellom ulike grupper av tilsette. Med den erfaringa han no har med å vurdere klarspråksarbeid i staten, konkluderer juryen med at klarspråksarbeidet denne kandidaten har presentert, er så grundig og nyskapande at kandidaten er ein verdig vinnar av klarspråksprisen.

Den som får klarspråksprisen for 2013, er eit departement med ansvar for område der tryggleik, rettar, likestilling og gode levekår står sentralt. I dei språklege retningslinene skriv departementet sjølv at klarspråk er eit demokratiprosjekt, og denne haldninga er ein raud tråd i språkarbeidet.

Klarspråksprisen 2013 går til Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet.»

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter