Grunngjeving 2011

«Utdelinga av klarspråksprisen er ein del av det arbeidet Fornyings-, administrasjons- og kyrkjedepartementet gjer for å fremme og styrkje klarspråksarbeidet i staten. Alle statlege forvaltningsorgan og helseføretak som har gjort ein ekstraordinær innsats med å gjere tekstar på papir og på nett tilgjengelege og forståelege for brukarane, kan vere kandidatar til prisen.

I juryen for klarspråksprisen sit Kjell Lars Berge (leiar), Gunn Ovesen, Ola Breivega og Ragnfrid Trohaug.

I år har juryen vurdert følgjande kandidatar til prisen: Statens vegvesen, Lotteri- og stiftelsestilsynet, Helseøkonomiforvaltninga (Helfo), Statens kartverk, Statens pensjonskasse (SPK) og Utdanningsdirektoratet.
Det er tredje gongen prisen blir delt ut, og juryen ser at det har vore ein generell framgang på desse åra. Kandidatane held jamt over høgare nivå, kvaliteten på klarspråksarbeidet stig, og konkurransen blir skarpare.

Alle dei nominerte er godt i gang og har gjort ein formidabel jobb med å etablere gode rutinar og retningslinjer og integrere klarspråksarbeidet i drifta. Av dei som ikkje gjekk til topps i år, vil juryen særleg framheve Statens vegvesen. Vegvesenet viser ei flott utvikling, har sett i gang arbeid i heile organisasjonen og imponerer med brukarvennlege nettsider.

Vinnaren i år har arbeidd med klarspråk i lang tid og klart å halde engasjementet oppe. Arbeidet er blitt ein naturleg del av organisasjonsutviklinga, og klart språk er blitt ein del av faget, uavhengig av fagområde. Statsorganet har utført eit gjennomgripande arbeid og gjort ein stor innsats for å endre bedriftskulturen. Det har heva språkkompetansen på alle nivå i organisasjonen og lagt stor vekt på brukartesting. Dette arbeidet har gitt gode resultat og høg språkleg kvalitet på begge dei norske målformene så vel som på andre språk.

Vinnaren av klarspråksprisen 2011 har ansvar for eit viktig saksområde og ein komplisert bodskap som skal formidlast til nesten ein million brukarar. I 2011 skulle statsorganet setje i verk ei reform som førte med seg ei rekkje nye reglar og omgrep. Dei valde då å leggje ned eit omfattande og systematisk arbeid for å byte ut tunge formuleringar og gjere det synleg, gjennom godt og klart språk, kva rettar og plikter brukarane har. Demokrati og rettstryggleik er viktige motivasjonsfaktorar i klarspråksarbeidet. Vinnaren seier sjølv: «Det ligg i samfunnsansvaret vårt å syte for at informasjonen når fram til alle den vedkjem.»

Klarspråksprisen 2011 går til Statens pensjonskasse.»

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter