Mobilitet og rekkevidde i folkesetnaden

(17.12.2018) Dagens tåkedott kjem frå eit fylkeskommunalt plandokument. Kommunikasjon og mobilitet er nøkkelord.

Hald dykk fast: 
«Betra kommunikasjon og samferdsletilhøve gjev større moglegheit for mobilitet og aukar folkesetnaden si rekkevidde.»

Innsendaren skriv: «Eg er ikkje heilt sikker, men eg trur det tyder noko i retning av «Betre vegar og kollektivtilbod gjer det lettare for folk å reise.»

Kommentar frå redaksjonen: Betre kan det ikkje seiast. Kvifor gå rundt grauten når ein kan gjere veg i vellinga?

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter