Meld deg på PLAIN-konferansen no!

No image

(12.3.19) Er du oppteken av godt språk og effektiv kommunikasjon? Velkomen til den internasjonale klarspråkskonferansen PLAIN. Difi og Språkrådet er vertskap saman med organisasjonen Plain Language Association International (PLAIN).

Arbeidet med klarspråk har lenge vore politisk prioritert. Gjennom ti år har Språkrådet og Difi (Direktoratet for forvaltning og IKT) samarbeidd tverrfagleg om klart språk i forvaltninga, og Noreg er no eit føregangsland på dette feltet.

PLAIN er ein internasjonal klarspråksorganisasjon med medlemmer frå over 30 land. Organisasjonen arbeider mellom anna med å spreie kunnskap om klarspråk i både offentleg og privat sektor. Annakvart år blir det arrangert ein PLAIN-konferanse der ein kan dele erfaringar og fagkunnskap over landegrensene.

Til hausten blir PLAIN-konferansen arrangert i Oslo, og hit kjem klarspråksinteresserte forskarar, praktikarar, byråkratar, juristar og kommunikasjonsfolk frå heile verda. Konferansen i Oslo er den tolvte i rekkja. Tidlegare har konferansen vore halden mellom anna i Graz, Dublin, Vancouver, Stockholm og Sydney.

Temaet for PLAIN-konferansen i 2019 er resultat og verknader av klart språk. Dyktige innleiarar frå 19 land skal vise verkelege eksempel på at klar kommunikasjon kan spara tid og pengar, skapa tillit og fremja demokratiet. Melder du deg på, kan du lære om gode arbeidsmetodar, delta i diskusjonar og vera med på å forme fagfeltet vidare.

Tid: 25.–27. september 2019
Stad: Radisson Blu Scandinavia Hotel og Universitetet i Oslo 

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter