Språkfagleg hjelp i lovarbeidet

(21.9.17) Prosjektet «Klart lovspråk» lyser no ut to «pakker» med språkfagleg hjelp til departement som skal i gang med lovarbeid. Alle departement kan søkje om å få tildelt ei pakke, og fristen er 1. november 2017.

Pakketilboda skal bidra til å byggje opp kompetanse om klart lovspråk hos lovskrivarar i departementa. Det langsiktige målet er at arbeidet med språk og struktur i lover skal bli ein naturleg og sjølvsagd del av lovarbeidet.

Pakke 1: Seminar, skriveverkstad, hjelp frå Språkrådet, brukartesting

Pakke 1 inneheld eit oppstartsseminar om klart lovspråk. Seminaret er felles for alle departementa som får tildelt pakka. Dessutan får kvart av dei utvalde departementa språkfagleg hjelp frå Språkrådet (i skriveverkstader) fram til arbeidet med lovteksten er avslutta. Departementa vil også få hjelp frå Difi til å gjennomføre brukartesting av lovforslaga. I tillegg vil Difi arrangere eit seminar der departementa kan dele erfaringar frå lovarbeidet.

Pakke 2: seminar, oppstartsmøte, hjelp og oppfølging

Pakke 2 inneheld eit inspirasjonsseminar om klart lovspråk, eit oppstartsmøte og eit oppfølgingsmøte med hjelp frå ein ekstern språkrådgjevar. I oppstartsmøtet vil departementa få hjelp til å organisere arbeidet med skriveverkstader.

Alle departement kan søkje. Søknadene skal sendast til Difi, og søknadsfristen er 1. november 2017.
Meir informasjon om tilboda og om vilkåra for tildeling
Meir informasjon om prosjektet «Klart lovspråk»
Meir informasjon om lovarbeid i Noreg

Kontaktpersonar i prosjektet «Klart lovspråk» (ved Difi)

Sissel C. Motzfeldt, scm@difi.no
Elisabeth Harlem Eide, ehe@difi.no

 

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter