Klarspråksprisane 2016

No image

(27.2.2017) I dag vart heile fire klarspråksprisar delte ut i Oslo: utmerkinga «Årets trekkhund», temaprisen 2016, klarspråksprisen for kommunane og klarspråksprisen for staten.

Utmerkinga «Årets trekkhund 2016» gjekk til Tone Fagerholt i Trondheim kommune. Med eit sjeldant engasjement og ein tydeleg og gjennomtenkt plan har ho gjort omgrepet klarspråk kjent i verksemda si.

Temaprisen 2016 (klar formidling av negativ bodskap – ein balansekunst) gjekk til Lånekassen for e-posten om regelendringar for grunnstipend. Vinnarteksten er vel gjennomtenkt og klart formulert med solid grunngjeving. Teksten er i bruk og fungerer godt i fleire kanalar. Lånekassen har dessutan brukartesta teksten på utvalde personar og intervjua personar i målgruppa.

Den aller første klarspråksprisen for kommunane gjekk til Stavanger kommune, som har gjort arbeidet med klarspråk kjend gjennom alle kanalar. Arbeidet er godt forankra i leiinga. Kommunen dokumenterer òg at han har satsa på å heve kompetansen til dei tilsette.

Klarspråksprisen for staten gjekk til Skattedirektoratet, som dokumenterer eit formidabelt arbeid som er langsiktig, systematisk og velorganisert. Klarspråk har en sentral plass i alt vinnaren gjer, og brukartestinga og effektmålinga viser at klarspråkstiltaka har hatt god effekt. Arbeidet Skattedirektoratet har gjort, er synleg og merkbart for dei fleste innbyggjarane og arbeidsgjevarane i landet.

Les heile grunngjevinga frå juryen.

Les meir om klarspråksprisane.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter