Skal du skrive ei lov eller forskrift på nynorsk?

(22.12.2016) No har Språkrådet publisert ei artikkelsamling om nynorsk lov- og rettsspråk. Utgangspunktet for artiklane er innlegg på eit seminar som vart halde i oktober 2014. Seminaret var eit ledd i arbeidet for godt og klart lovspråk.

Lovverket er eit viktig domene for nynorsken. Fleire nye lover og forskrifter bør skrivast på nynorsk, og det er viktig å ta vare på dei nynorske lovene og forskriftene vi har. Dersom ei lov eller forskrift på nynorsk skal bytast ut, bør den nye lova eller forskrifta òg vere på nynorsk, ikkje bokmål.

Med artikkelsamlinga Nynorsk lov- og rettsspråk vil Språkrådet fremje medvitet om og interessa for nynorsk lovspråk. Utgangspunktet for artiklane er innlegg på eit seminar om nynorsk lov- og rettsspråk som Språkrådet skipa til 30. oktober 2014. Seminaret er eit ledd i arbeidet for godt og klart lovspråk. Vi vonar at heftet kan vere til nytte og inspirasjon for juristar og andre som skal skrive lov- og forskriftstekstar på nynorsk.

Last ned artikkelsamlinga Nynorsk lov- og rettsspråk (pdf).

Andre publikasjonar frå Språkrådet

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter