Millenialt fokus på emosjonelt forankra purpose

(8.9.2016) Det seier seg sjølv at det ikkje er nok å ville tene pengar. Ein må òg ha eit emosjonelt forankra purpose, altså eit why. I tillegg er det viktig med input og impact, i alle fall om ein i framtida skal ta omsyn til medarbeidarar som er millenials

Når norsken ikkje strekk til, er (svada)engelsken kjekk å ha! Snakk om purpose: Vårt why må vere å finne opp the wheel.

Oslo Business Forum har fått mykje merksemd for ein video som nyleg vart lagd ut på nettet. Mange har kommentert innhaldet og språkbruken, og Dagens Næringsliv har til og med laga ein purpose-generator.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter