Klarspråksprisen 2016

No image

(22.9.16) No kan du nominere kandidatar til klarspråksprisane for 2016! Nytt i år er at vi også deler ut ein eigen pris for kommunesektoren. Fristen for å nominere kandidatar er 21. oktober.

Klarspråksprisen for staten har vore delt ut sidan 2009. Frå i år har Kommunal- og moderniseringsdepartementet (KMD) endra retningslinjene for klarspråksprisane slik at dei også gjeld for kommunar og fylkeskommunar. I tillegg til dei to hovudprisane for stat og kommune deler vi ut ein temapris for klar formidling av ein negativt bodskap. Vi vil også gjere stas på «årets trekkhund», altså ein person som har gjort ein særskild innsats i klarspråksarbeidet.

Det betyr at vi i år deler ut desse prisane:

  • klarspråksprisen for staten
  • klarspråksprisen for kommunar og fylkeskommunar
  • temaprisen «Klar formidling av negativ bodskap – ein balansegang»
  • utmerkinga «Årets trekkhund»

KMD har utnemnt ein ny jury:

Cathrine Krøger, litteraturkritikar og sjukepleiestudent
Fatima Almanea, ungdomspolitikar, samfunnsdebattant og bloggar
Jan Olav Fretland, førsteamanuensis ved Høgskulen i Sogn og Fjordane
Anne Mette Hjelle, kommunikasjonsdirektør i Lotteri- og stiftelsestilsynet, som vann Klarpråksprisen i 2015
Egil Johansen, fylkesrådmann i Vestfold

Fristen for å nominere kandidatar er 21. oktober 2016.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter