Klarspråk gir resultat

(16.3.2016) Klarspråk er med på å fornye, forenkle og forbetre offentleg sektor og gir resultat både for innbyggjarar, stat og kommune. No har Difi samla ti døme på konkrete effektar av klarspråksarbeid. Døma finn du både på nett og i papirversjon.

To kommunar, seks direktorat og to departement har delt sine erfaringar med å måle effektar av klarspråksarbeid. Artiklane, som er skrivne av verksemdene sjølve, viser at klarspråk kan gje ulike effektar på ulike område og for ulike målgrupper.

Dei ti verksemdene er

  • Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet
  • Forsvarsdepartementet
  • kommunane Fredrikstad og Sarpsborg
  • Lotteri- og stiftelsestilsynet
  • Nav
  • Lånekassen
  • skatteetaten
  • Skedsmo kommune
  • Statens vegvesen
  • tolletaten

Kortversjonar av artiklane er samla i heftet «Klart språk gir resultater». Du kan laste det ned her eller bestille ein papirversjon via bestillingssida.

Her finn du lengre versjonar av alle artiklane.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter