Klarare språk i finansnæringa

(15.8.2016) Kva tyder eigentleg «risikopremie», «levealderjustering» og «hybridpensjon»? Slike ord kan vippe dei fleste av pinnen. Nå vil finansnæringa, med Finans Norge i spissen, gjere det enklare for folk å forstå pensjonsinformasjon og ta informerte val.

Offentleg sektor har drive med klarspråksarbeid i fleire år. No kjem næringslivet etter. Saman med mellom anna Språkrådet, Forbrukarombodet, Finansportalen og Finansforbundet har Finans Norge utarbeidd ein ny standard for eit enklare pensjonsspråk. Målet er å hjelpe forbrukarane til å ta gode og informerte val, slik at dei kan spare til den pensjonen dei vil ha.

Vanskelege ord og frasar skal bytast ut, og no byrjar arbeidet med å gjøre språket i informasjonstekstar, brev og forskrifter klarare og enklare hos alle bankane og forsikringsselskapa under Finans Norge. Språkrådet bidreg med råd og røynsler frå arbeidet med klarspråk i det offentlege og med hjelp til å registrere og standardisere terminologi og ordforklaringar.

Standarden for eit enklare pensjonsspråk vert lansert 26. august.

Les meir om arbeidet og lanseringa på nettstaden til Finans Norge.

Les artikkelen «Så lite vet vi om pensjon» på nettstaden til Finans Norge.

Les om satsinga på nrk.no.

Høyr Språkrådet-direktør Åse Wetås snakke om pensjonsspråket på Dagsnytt.

 

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter