Slik skal kommunespråket bli klart

(26.2.2016) KS har no oppretta ei støtteordning for å hjelpe kommunar som vil arbeide med å forbetre språket.

Det er sett av totalt ein million kroner som skal fordelast mellom søkjarane, og KS oppmodar nynorskkommunar om å søkje. Søknadsfristen er 1. mai.

Støtteordninga er ein del av ei større satsing fram til 2020. Kommunal- og moderniseringsdepartementet er med og finansierer KS-programmet for klart språk.

Les meir om støtteordninga på nettstaden til KS. 

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter