Søk om stønad til skriveverkstader for juridiske tekstar

(4.5.2015) Statsorgan kan no søkje prosjektet «Klart lovspråk» om stønad til å halde skriveverkstader for juridiske tekstar. Stønaden er på kr 60 000 per verksemd. Prosjektet har midlar til å dekkje slike verkstader for seks statsorgan. Søknadsfristen er 22. mai 2015.

I skriveverkstadene skal tilsette i statsorgane arbeide saman med ein ekstern språkrådgjevar, og målet er å kome fram til betre juridiske tekstar. Alle statsorgan kan søkje.  

Vilkår for å få stønad:

  • I skriveverkstadene skal deltakarane arbeide med aktuelle juridiske tekstar, til dømes ei lov eller forskrift, rundskriv eller liknande. (Dersom arbeidet gjeld teksttypar som brev, nettekstar, rettleiingar, digitale tenester eller skjema, sjå informasjon om stønad til revisjon av slike tekstar her.)
  • Deltakarane skal arbeide med den same teksten eller dei same tekstane heile vegen, som ein prosess.
  • Det deltakarane lærer på skriveverkstadene, må ha verdi for og kunne nyttast i anna arbeid med juridiske tekstar.
  • Verksemder som får stønad, skal halde minst tre skriveverkstader over ein avtalt periode.
  • Verksemdene skal lage referat eller annan dokumentasjon frå skriveverkstadene, med ei kort oppsummering av kva for språklege spørsmål som vart drøfta. Vi ber òg om ei kort vurdering av kva for nytte skriveverkstadene har hatt. Dokumentasjonen skal sendast til prosjektet «Klart lovspråk» etter at verkstadene er haldne.

Stønaden skal dekkje utgifter til å leige inn ein ekstern språkrådgjevar. Dei som får stønad, må sjølve engasjere den eksterne språkrådgjevaren og avtale når språkverkstadene skal haldast. Verksemdene kan i tillegg søkje om å få dekt eventuelle utgifter til reise og opphald for språkrådgjevaren, etter avtale med prosjektet «Klart lovspråk».

Søknadsfristen er 22. mai 2015.

Fyll ut skjemaet og send det til sissel.motzfeldt@difi.no.

Søknadsskjema nynorsk (Word)

Søknadsskjema bokmål (Word)

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter