Grunnlovsarbeid heidra med pris

(3.6.2015) Ved ei tilstelling på Det juridiske fakultet ved Universitetet i Oslo 2. juni 2015 vart Graver-nemnda, leia av professor dr.juris. Hans Petter Graver, tildelt Juristmållagets målpris for arbeidet med å laga ein nynorskversjon av Grunnlova.

I mai 2014 vedtok Stortinget Grunnlova nynorsk. Prisen går til utvalet som utarbeidde den nynorske teksten:

  • professor og dekan Hans Petter Graver, Det juridiske fakultet, Universitetet i Oslo (leiar)
  • førsteamanuensis (no professor) Eirik Holmøyvik, Det juridiske fakultet, Universitetet i Bergen
  • rådgjevar Øystein Baardsgaard, Språkrådet (no seniorrådgjevar, Kulturdepartementet)
  • rådgjevar Bård Eskeland, Språkrådet
  • spesialrådgjevar Kyrre Grimstad, Stortingets administrasjon (no lagdommar, Borgarting lagmannsrett)

Utvalet la seg på eit enkelt og direkte språk. «Ytringsfrihed bør finde Sted» vart til «Ytringsfridom skal det vere». «Hus-Inkvisitioner maa ikke finde Sted, uden i kriminelle. Tilfælde» vart til «Det må ikkje utførast husransakingar, så nær som i kriminelle tilfelle». «Ingen personlige, eller blandede, arvelige Forrettigheder maa tilstaaes Nogen for Eftertiden» vart til «Ingen må heretter få arvelege særrettar, personlege eller blanda.»

– Årets målprisvinnarar har sett spor etter seg som vil bli ståande i hundrevis av år. På kort tid gjorde dei eit grundig arbeid som det verkeleg står respekt av, skriv juryen i si grunngjeving.

Les heile saka i Framtida her.

Grunnlova har fått nye språkdrakter (Aktuelt-sak på klarspråk.no 8.5.2014)

Her finn du Grunnlova på nynorsk (Lovdata)

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter