Frukostseminar med utdeling av Statens klarspråkspris

(27.1.15) Kva skjer når strategidokument og visjonar grip om seg også i offentleg sektor? Utfordrar det klarspråksarbeidet? Og kven vinn Klarspråksprisen for 2014? Velkommen til frukostseminar med utdeling av Statens klarspråkspris den 25. februar!

Tidspunkt: 25. februar 2015 kl. 08.30–10.30 (frukostservering frå kl. 08.00)

Stad: Oslo konserthus, lille sal, Munkedamsveien 14, 0250 Oslo

Målgruppe: Tilsette i offentleg sektor

Påmeldingsfristen er 19. februar, og du melder deg på via denne lenka

Program

Opning

Når strategispråk møter klarspråk ved professor og tekstforskar Catharina Nyström, Höög, Högskolan i Dalarna

I dei seinare åra har nye teksttypar som strategidokument, visjonar og verdigrunnlag fått stadig større plass også i det offentlege. Slike tekstar har ikkje alltid like klar bodskap, og stilistisk skil dei seg frå mange andre offentlege tekstar. Er dette ei utfordring for klarspråksarbeidet? Nyström Höög presenterer forskinga si på området.

Utdeling av Statens klarspråkspris ved kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner

Prisen vert i år delt ut for sjette gong og går til eit statsorgan som har gjort ein ekstraordinær innsats for å betre språket i tekstane sine.

I år deler vi også ut ein temapris for klare tekstar om rettar og plikter, og vi heidrar ei av eldsjelene i klarspråksarbeidet med utmerkinga «årets trekkhund».

Prisvinnaren har ordet Vinnaren av årets Klarspråkspris fortel om klarspråksarbeidet sitt, erfaringar, suksessar og fallgruver.

Møteleiar: Kjersti Bjørgo, kommunikasjonssjef i Kommunal- og moderniseringsdepartementet

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter