Klarspråksprisen 2013 til Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet

(4.3.2014) Vinnaren av klarspråksprisen 2013 er Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet (BLD). Departementet får prisen for språkleg nybrottsarbeid, utradisjonelle metodar og god dialog i språkarbeidet.

Kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner overrekker klarspråksprisen til BLD, representert ved statssekretretær Maria Hoff Aanes og fagdirektør Ragnhild Samuelsberg. Foto: Språkrådet

I dei språklege retningslinene sine skriv BLD at klarspråk er eit demokratiprosjekt. Denne haldninga er ein raud tråd i språkarbeidet, som er gjort til ein del av organisasjonsutviklinga. Retningslinene inneheld skriveråd for alle sjangrane som departementet produserer, og BLD har knytt klarspråk til retorikken på ein overtydande måte. Slik er det tenkt heilskapleg om skribentrolla og tekstane som folk skal lese. – Av det vi veit, er BLD det første departementet som har laga så grundige og heilskaplege retningsliner. Språkarbeidet deira er difor viktig nybrottsarbeid, seier juryleiar Kjell Lars Berge, professor ved Universitetet i Oslo.

Som ei hjelp til å skrive gode, klare lovtekstar og forskrifter har BLD laga heftet Klarspråk og lovspråk – det skal være lett å gjøre rett. Og i skrivearbeidet har departementet nytta språkverkstader der ulike grupper av tilsette har samarbeidd om å få fram gode, lesarvennlege tekstar. Modellen med språkverkstader blir no nytta av andre statsorgan.

Utdelinga av statens klarspråkspris er eitt av tiltaka i arbeidet Kommunal- og moderniseringsdepartementet gjer for å fremje og styrkje arbeidet med klart språk i staten. I år er det femte gongen prisen blir delt ut. Alle statsorgan som har gjort ein ekstraordinær innsats med å gjere tekstar på papir og på nett lesarvennlege og forståelege for mottakarane, kan vere kandidatar til å få prisen.

Prisen er ein skulptur av kunstnar Maud Gjeruldsen Bugge.

Her finn du grunngjevinga frå juryen.

Her finn du dei språklege retningslinene til BLD.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter