Grunnlova har fått nye språkdrakter

(8.5.2014) Stortinget har vedteke ei modernisert utgåve av Grunnlova på bokmål og den første offisielle utgåva av Grunnlova på nynorsk.

Stortinget har vedteke bokmålsutgåva av Grunnlova som professor emeritus Finn-Erik Vinje har utforma. Nynorskutgåva er utforma av utvalet professor Hans Petter Graver leidde, der Språkrådet var med. Utvalet laga òg ei bokmålsutgåve som ikkje er vedteken.

– Det er gledeleg at språket i Grunnlova no vert langt meir forståeleg, og at nynorsk og bokmål no vert jamstilte òg som grunnlovsspråk, seier Arnfinn Muruvik Vonen, direktør i Språkrådet.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter