Frukostseminar: Språket i staten – korleis blir det godt nok?

(3.12.2014) Som statstilsette har vi eit særleg ansvar for å skrive godt. Vi skal gå føre med eit godt eksempel, men korleis gjer vi det i praksis? Språket i staten var temaet for frukostseminaret 3. desember, og no kan kan du sjå presentasjonane og filmopptak frå seminaret.

I statlege styringsdokument heiter det at språket i staten skal vere korrekt og klart. I tillegg skal statstilsette følgje mållova. Kva bør vere den språklege standarden i staten? På dette frukostseminaret fekk deltakarane både råd og reglar.

 

Tid: 3. desember kl. 8.30–10.00 (frukostservering frå kl. 8.00)
Stad: Språkrådet, Observatoriegata 1 b i Oslo (1. etasje)
Målgruppe: statstilsette

 

Program

Direktør Arnfinn Muruvik Vonen i Språkrådet ønskjer velkommen.

Filmopptak av innlegget

 

Klart nok?

Seniorrådgivar Margrethe Kvarenes i Språkrådet tek opp problem med uklart språk. Korleis kan vi sikre oss at bodskapen i tekstane våre når fram til mottakaren? Kva fungerer, og kva fungerer ikkje? Når er språket klart nok?

Presentasjonen i pdf-format

Filmopptak av innlegget

 

I mål?

Rådgivar Kjetil Aasen i Språkrådet fortel kva alle statstilsette bør vite om mållova. Kva må vi hugse på, og korleis kan vi oppfylle krava? Kva tekstar er det lurt å prioritere? Kva for uhumsker må du halde deg unna når du skriv nynorsk?

Presentasjonen i pdf-format

Filmopptak av innlegget

 

Riktig nok?

Seniorrådgivar Aud Anna Senje i Språkrådet viser kvifor korrekt språk er så viktig. Kva skal vi med teiknsetjing? Og kvifor er somme feil skumlare enn andre?

Presentasjonen i pdf-format

Filmopptak av innlegget

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter